Dei godt vaksne har størst gevinst av at koronasmitten blir halden nede. Dei unge får mykje av belastninga, seier økonomiprofessor Steinar Holden.
NPK-NTB-Gunnhild Hokholt Bjerve
NPK-NTB-Gunnhild Hokholt Bjerve

Han har leidd utvalet som måndag gav regjeringa ein hastig utført analyse av kva epidemien og ulike tiltak kostar samfunnet.

Det er dei godt vaksne som har størst helsegevinst av at smitten blir halde mest mogleg nede, men byrda som følgje av dei ulike tiltaka slår ut ulikt for yngre og eldre.

– Det er mange vaksne som tapar økonomisk på dette: Gründerar, investorar, arbeidstakarar i alle aldrar. Men på mange område får barn og ungdom ein stor del av belastninga, seier Steinar Holden, som er professor ved Universitetet i Oslo, til NTB.

Han viser til at dei yngste har mista mykje av det sosiale livet sitt. Den organiserte idretten og andre aktivitetar er stengde, sjølv om det er opna litt opp. Utvalet har ikkje kunna setje nokon prislapp på tapt velferd og psykologiske effektar hos barn og unge av at dei lever meir isolert. Men mindre læring er anslått å koste 2 milliardar kroner.

Fell av studiane

Også universitet og høgskular er stengde. Sjølv om undervisninga blir gjennomført digitalt, vil læringsutbyttet bli lågare for ein del studentar, meiner utvalet. Dei antek at ein del vil slite med motivasjonen når undervisning føregår digitalt og det blir lagt opp til heimeeksamen. Dårleg internettsamband og læringsmiljø verkar inn. Holden fryktar at fleire vil falle av studiane.

– Viss dette fører til at ein del av studentane lærer mindre og ikkje vil lukkast, vil det få langsiktige negative effektar. Det er veldig vanskeleg å seie noko presist om kor store dei vil vere. Det er eit stort eksperiment når det plutseleg blir gjennomført digital undervisning og eksamenar, seier han.

Alt i alt konkluderer han med at belastninga for barn og unge er betydeleg.

Det kan vere vanskeleg å motivere seg for studiar og skulearbeid når ein må sit heime. Det kan føre til at fleire fell av skule og studiar, fryktar samfunnsøkonomane som har levert rapporten sin om koronatiltaka til regjeringa. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

Mistar jobben

Kor lenge pandemien og dei økonomiske følgjene av han vil vare, vil ha mykje å seie, ifølgje Holden. Mellom anna kan ein del som no mistar jobben, slite med å komme tilbake i arbeidslivet. Det gjeld både unge og eldre. Problemet er kjent frå tidlegare kriser og alvorlege nedgangsperiodar.

Unge er meir utsette for å miste jobben i den pågåande krisa, viste ein gjennomgang SSB gjorde i slutten av mars.

– Ein har studiar som viser at årskull som møter svært høg arbeidsløyse når dei skal ut i arbeidslivet, vil ha noko lågare sysselsetjingsdel 20 år seinare, seier Holden.

Holden påpeikar at også 50-åringar som mistar jobben no, kan slite med å komme tilbake i jobb.

– Fornuftig med mildare tiltak

Ekspertutvalet meiner kraftige tiltak for å undertrykkje smitten mest mogleg over tid, vil føre til ein kraftig lågkonjunktur med særs store, langvarige verknader på norsk produksjonen i eit tiår framover. Dei held dette opp mot ein brem-strategi, med mildare tiltak som kontrollerer smitten så helsevesenet ikkje blir overbelasta.

– Det er tilrådinga vår at viss ein ikkje er optimistisk på at ein kan greie å halde smitten nede med mildare tiltak, så kan det vere fornuftig å byte over til ein brem-strategi, seier Holden til NTB.

Med den delvise opninga av skular og barnehagar i slutten av april tek regjeringa eit skritt i den retninga.

Rapporten frå Holden-utvalet vart levert til regjeringa dagen før det tysdag vart vedteke å lette litt på smittetiltaka. Oppdraget utvalet har fått, er å vurdere dei samfunnsøkonomiske konsekvensane av smitteverntiltaka. Ifølgje mandatet skal dei levrane fleire rapportar, men Holden opplyser at det ikkje gjort nokon avtale om nye leveransar.

 

 

 

ANNONSE