Hytta – ein del av den norske folkesjela

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva er det med oss nordmenn som gjer at vi er så stekt knytt til hytta at vi melder flytting til hytta dersom vi på grunn av ein pandemi ikkje får lov til å vere der?

Forfattar og journalist Magnus Helgerud har skrive bok om nettopp nordmenn sitt forhold til hytta.

For Helgerud var inspirasjonskjelda til boka Knytta til hytta bestemora og hennar hytteliv. I 70 år ferierte ho på den same hytta, heile året. No kan ho ikkje lenger besøkje hytta, men kvar kveld når ho legg seg repeterer ho eit dikt om hytta som ho skreiv i hytteboka for lenge sida.

Bestemor til Magnus Helgerud kan framleis sitere diktet ho skreiv i hytteboka på Rustadstuen i Trøndelag. Foto: Privat

Naturklisjeen

Sjølv har han eit nært forhold til den same familiehytta, særleg naturopplevingane som følgjer med:

– Det er noko eige med høgfjellet, den utsikta gir innsikt, seier han, og forsikrar om at han forstår at det kanskje er eit litt klisjefylt uttrykk å bruke.

Grunnen til at så mange nordmenn er så sterkt knytt til hytta trur han har mykje å gjere med kultur. Nordmenn er ikkje berre fødde med ski på beina, men også ein tursekk på ryggen, som tidleg blir fylt opp med kulturelle referansar til store naturopplevingar.

Journalist og idehistorikar Magnus Helgerud debuterte med reiseboka «Si meg hvor du reiser, og jeg skal si deg hvem du er». Sjølv reiser han gjerne på påsketur til Silkedalen og er «Knytta til hytta», som kom ut i år. Foto: Kari Hamre / NPK

Skifolket si høgtid

– Kva vil du seie hytta betyr for oss nordmenn i påsken?

– Mange av oss får veldig tidleg inn dette med påskefjellet, Kvikk Lunsj og fjellvettreglar. Påsken spesielt er skifolket si høgtid.

Helgerud viser til at dette kjem til uttrykk i for eksempel produkt som Kvikk Lunsj. Sidan 1937, då sjokoladen vart lansert, var dei opptekne av å lage ein sjokolade som appellerte til friluftsfolket. Påskeskituren har vore ein viktig tradisjon heilt sidan mellomkrigstida og før det var vanleg å eige eigne hytter.

– Vi har hatt politikarar som er opptekne av folkehelse lenge, heilt sidan mellomkrigstida. Det var brei semje om at arbeidarane trengde ferie og fritid, og at det var viktig at denne vart nytta på noko helsebringande.

Norske hytter er fulle av gamle skattar som stadig vert oppdaga på nytt. Foto: Privat

Hytteliv i endring

Men mykje har også endra seg ved hyttelivet sidan den tid. Frå dei mange enkle hyttene som blei bygd på 60-talet, har mange i dag hytter som er større enn deira eiga hus eller leilegheit.

– Det er forskjell på eit enklare liv på hytta og eit enkelt liv. I det enkle livet var det heilt greitt å vaske opp for hand og hogge ved. Eit enklare liv på hytta handlar derimot om å ha det behageleg og komfortabelt på hytta, og sleppe slike oppgåver. Det er kanskje den største skilnaden i korleis hyttelivet har endra seg, seier Helgerud.

At hytta er ein viktig del av mange nordmenn sitt liv er det liten tvil om. Men familiehytta er ikkje nødvendigvis berre gjenstand for kos og moro. Noko av det som overraska Helgerud i arbeidet med boka er kor stor del av arvekonfliktar som handlar om nettopp hytter.

– Ein av ti arvekonfliktar handlar konkret om hytter. Lite visste dei som bygde hytte på 60-talet at hytta skulle rive familien ifrå kvarandre. At det hadde dei dimensjonane overraska meg.

Hytta Haugtun i Vinje i Telemark vart oppført som einebustad i 1949 og er seinare blitt «hyttifisert».Illustrasjon: Privat

– Der dei fann sin fridom

Det er lite som tyder på at hytta vil miste statusen sin i framtida. Og kanskje kan mangelen på hytteliv for mange denne påsken her, gjere at ein set endå meir pris på hytta i framtida. Hytta ha trass alt vore ein del av livet til friluftsglade nordmenn mykje lenger enn flyturar har vore.

– Hytta har jo eit forsprang på utanlandsreiser, vi er jo eit friluftsfolk. Bestemora mi har berre vore ein gong i Syden, men 70 år på hytta. Det var der dei fann fridommen sin.

Guro og Mats Herman Aunevik føler ikkje dei måtte gje avkall på noko viktig for å passe inn i sitt nye minihus.Foto: Bente Kjøllesdal