Sjå den norske pandemi-kortfilmen Apocalypse Norway

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«The virus reaches Paris», står det på nyheitssendinga som ungdommane følgjer frå eit sommarhus i Noreg.

Styresmaktene i landet stengjer grensene og utset pressekonferansen, medan dei insisterer på at situasjonen er under kontroll. Tv-bileta viser noko ganske anna.

Kortfilmen Apocalypse Norway av Jakob Rørvik hadde nyleg premiere på nettstadane Nowness og Vimeo, der han òg skal vere vald ut som Staff Pick.

Apocalypse Norway from NOWNESS on Vimeo.

Resercha endetids-scenario

Til filmnettstaden Rushprint fortel regissør Rørvik at filmen vart skoten i 2018 og slutten av 2019.

– Det er ein tilfeldigheit at det er så mykje overlapp mellom filmen og den verkelegheita me no plutseleg finn oss i. Samstundes gjorde eg ein del research rundt moglege endetid-scenario, og epidemiologien kjem jo diverre med nokre skremmande odds, seier han til Rushprint.

Viruset som herjar verda i Apocalypse Norway er lett å kjenna att ved at offera sitt augeeple vert farga giftig grønt og det spreier seg via giftig nedbør.

Samtidskomponist og elektronikaprodusent André Bratten har laga originalmusikk til filmen.

Billie Barker spelar hovudrolla som Oda, som kommuniserer med omverda via sosiale medium. Skjermdump

Intervjua unge vaksne om slutten

Den dystopiske kortfilmen følgjer 19 år gamle Oda, som bruker sosiale medium til å kommunisere med omverda under pandemien. Ho snakkar til kamera og intervjuar venene sine om kva som er viktig.

– Fram mot opptak snakka eg med unge vaksne om kva tankar dei ville gjort seg i møte med ein mogleg slutt. Eg vart interessert i denne samanstillinga av kvardagslege goder og det uendeleg store; kor til dømes eit nytt par sneakers nærast fetisjerast samstundes som ein står ovanfor ein eksistensiell avgrunn, seier Rørvik til Rushprint.

Oda trekk parallellar til andre verdskrig og historia om bestefaren som rømde til Sverige.

– He told me: «I wasn’t scared of dying. I was scared I wouldn’t get to tell my story.» Strange. But it makes sense, right? seier Oda i ein av filmane sine.