Kultur- og idrettsarrangement blir forbode til 15. juni

Kulturministeren opplyser at kultur- og idrettsarrangement blir forbode til 15. juni. Ny vurdering for resten av sommaren blir seinast tatt første veka i mai.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Avgjerda vidarefører tiltaket til regjeringa for å hindre vidare smitte av koronaviruset. Mellom anna skal folk halde minst to meters avstand til kvarandre og ikkje samlast i grupper på fleire enn fem.

– Det betyr at fram til 15. juni vil det ikkje vere nokon idrettsarrangement eller konsertar som skal haldast, seier kulturministeren.

Dette betyr truleg at Bislett Games og Holmenkollstafetten ikkje blir arrangert i år.

Ei avgjerd om restriksjonar for resten av sommaren skal takast etter ein grundigare gjennomgang av regjeringa. Informasjon om dette vil komme seinast første veka i mai.

– Vi treng eit breiare avgjerdsgrunnlag, seier Raja.

Han understrekar likevel at det ikkje ser lyst ut for festivalsommaren.

– Det er vanskeleg å sjå for seg med smittesituasjonen vi har i dag at arrangementa kjem til å gå som planlagt, seier han.

Avgjerda i dag får òg tyding for 17. mai-feiringa, som Raja har fått ansvar for å koordinere for regjeringa.

– Vi kjem nærare tilbake til dette over påske. Det er vanskeleg å sjå for seg at barnetoga, slik vi kjenner dei, vil gå som planlagt, seier han.

Få siste nytt om koronakrisa her!