11 dansar du kan læra deg i koronakarantene

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Du har allereie lært deg den vietnamesiske koronadansen Ghen Cô Vy som har gått viralt på TikTok, men berre ein dag har gått. Fortvil ikkje. Her er fleire dansar som kan få opp humøret.

Ikkje minst tenk kor kult det vert å kome ut på den andre sida, så kan alle dei same dansane, akkurat som på 90-talet.

7/11 – Beyoncé

Queen B visste å boltra seg i leilegheita si lenge før korona. Du får ikkje byggja pyramide med venninnene dine, men her er absolutt inspirasjon å henta.

Napoleon Dynamite-dansen

Denne episke dansescena frå kultklassikaren Napoleon Dynamite (2004) er ein hyllest til alle freaks. For dei som er utolmodige byrjar discomusikken og magien 1 minutt og 44 sekund inn i videoen.

Sjå og lær:

Macarena – Los del Rio

Apropos 90-talet. Det er ikkje verdas mest avanserte koreografi, ei heller verdas beste oppløysing på videoen. Men det er umogleg å ikkje bli glad av Macarena. Prøv då vel!

Hit Every Beat Challenge

Når du kan Macarena er du halvvegs til TikTok-utfordringa Hit Every Beat. Det einaste som gjenstår er å gjere dansen dobbelt så fort til 90-talsklassikaren U Can’t Touch This av MC Hammer og avslutta med WOAH!

https://www.youtube.com/watch?list=PL4B448958847DA6FB&time_continue=21&v=tYAFRVhJIz0&feature=emb_title

Carlton-dansen – Fresh Prince of Bel Air

Denne klassikaren frå 90-talsserien Fresh Prince of Bel Air får det også til å rykka i dansefoten.

Og trur du ikkje Carlton-dansen har tålt tidas tann? Sjå berre på Will Smith, sonen Jaden Smith og Alfonso Ribeiro. Gode moves går aldri ut på dato.

Footloose – Kevin Bacon

Endå eit bevis på at god musikk og dans ikkje går ut på dato. Skodespelar Kevin Bacon, som gjorde alle hekta på Footloose i 1984, er ein av mange kjendisar som held seg heime.

Det betyr ikkje at du ikkje kan nyte han heime i stova di.

https://www.youtube.com/watch?v=kK2hpeqkYjA

Og om du synest videoen var litt vanskeleg å følgje har du instruksjonane til line dance-rutinen her. Så det er berre å rydde golvet.

Moskau – Dschinghis Khan

Om du er Eurovision-fan og gret over at årets finale i Nederland er avlyst kan du hente trøyst i gamle skattar. Som denne perla frå 1979:

https://www.youtube.com/watch?v=NvS351QKFV4

Renegade – Jalaiah Harmon

Då er me ferdig med oldies but goodies og sidan du er god og varm kan du jo prøva deg på ein litt meir komplisert affære. Jalaiah Harmon (14) sin koreografi til Lottery av K-Camp har teke TikTok med storm. Her ser du kvifor:

@jalaiahharmonLike we hit the lottery ??? @addisonre @charlidamelio♬ original sound – _.xoxlaii

Supalonely – Zoifishh

Nøkkelen til suksess på TikTok-dansefronten er ei catchy låt, med tekst som du kan illustrera med rørsler. Det er eit utal utfordringar, men på grunn av teksta i låta Supalonely frå Benee kjem denne med på lista. Trøysta får vere at alle er einsame og ingen er ute og festar.

@zoifishhnot my usual content but this song was too catchy to not make a dance to LMAO?? try it and tag me !! ##foryou ##foryour ##foryoupage ##foryourpage♬ Supalonely (feat. Gus Dapperton) – BENEE

Dessutan har TikTok-profilen @zoifishh, som laga dansen, posta ein eigen instruksjonsvideo:

@zoifishhhere’s the tutorial to my dance if anyone needs it still !!??? TAG ME i wanna see ! 🙂 ##foryou ##foryour ##foryoupage ##foryourpage♬ original sound – zoifishh

Attention – Todrick Hall

Om karantenen vert langvarig og du treng ei skikkeleg utfordring kan du jo alltid prøva deg på ein av dei meir akrobatiske TikTok-dansane:

Quarantine Dance – Jack Black

Om du har ein meir normal karantenekropp kan du heller kasta deg på komikar Jack Black sin aller første TikTok-dans, som tek verda med storm i desse karantenetider. Her ser du kvifor.

@jackblackQuarantine Dance ##reallifeathome ##distancedance ##happyathome ##boredathome ✂️ @taylor♬ original sound – jackblack

Lykke til i karantene!