Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Perfekt bok å lese under koronakrisa

Brått vart verda ramma ein pandemi, det gjorde at boka Pesten av Albert Camus frå 1947 på ny vart brennande aktuell.

Pesten figurerer på dei fleste dette bør du lese i karantene-lister, den er på bestseljarlistane i Italia, det britiske forlaget Penguin skundar seg med å trykkje opp nye opplag og boka er utseld frå Amazon. Det var allereie planlagd ei ny omsetjing til norsk, og den er no komen både som e-bok og fysisk papirbok.

Redaktør for illegal avis

Albert Camus vart fødd i Algerie i 1913, som den gongen var ein fransk koloni, av franske foreldre. Han vaks opp i fattige kår, men grunna eit talent for sport fekk han begynne på universitet og studere filosofi.

Rett før 2. verdskrig flytta Camus til Paris, der han blant anna var aktiv i den franske motstandsrørsla som redaktør av den illegale avisa Combat, og vart ein god ven av Jean-Paul Sartre. (Sjå for deg dei to saman på ein kafé i Paris diskutere filosofi og litteratur!)

I 1957 vart Camus tildelt Nobelprisen i litteratur. Camus omkom i ei bilulukke berre 46 år gamal i 1960.

Isolasjon

Forteljinga i Pesten er lagt til byen Oran i Algerie. Ein morgon finn legen Rieux ei død rotte på trappa si, det er berre begynninga. Snart er det tusenvis av døde rotter i gatene. Innbyggjarane i Oran får panikk og styresmaktene vert skulda for å ikkje vere handlekraftige.

Samstundes som talet på nye døde rotter etter kvart går ned til det ubetydelege skjer det noko anna skummelt: Vaktmeisteren Michel vert syk og døyr. Rieux konsulterer ein annan lege og dei er eininge om at Oran er ramma av ein pest. Dei neste vekene døyr mange tusen, og Oran vert isolert frå omverda.

Camus skildrar vidare korleis innbyggjarane i Oran taklar krisa.

Det er vanskeleg å peike på ein bestemd hovudperson i Pesten, det er eit svært rikt rollegalleri og kvar einaste karakter bringar med seg noko viktig inn i boka. Men det verkar ikkje som Camus er interessert i å fortelje om enkeltmenneska. Han vil vise korleis samfunnet reagerer på pesten. Han lar ein anonym forteljar objektivt skildre kva som skjer. Den anonyme forteljaren har ein særeigen stil og eit vakkert språk som passar svært godt til boka.

Boka alle bør lese no

Tradisjonelt har ein lese Pesten som ein allegori over motstanden mot nazismen i Europa under 2. verdskrig. No kan koronakrisa gi boka ei ny meining.

No kan koronakrisa gi boka ei ny meining

Pesten skildrar mange av dei stemningane og problemstillingane som koronakrisa fører med seg. For eksempel greier boka utmerkt å skildre korleis det at ein epidemi er ein usynleg fiende gjer situasjonen ekstra skremmande.

Eg trur at Pesten er ei slik bok som set i gang mange tankar hjå den som les.

Pesten er boka alle burde lese no, og eg spår at forlaget, Bokvennen Forlag, kjem til å tene gode pengar på denne utgjevinga.

Foto av Jessica Ruscello, Unsplash.com, sett saman med bokomslag.

Pesten

 

  • Forfattar: Albert Camus
  • Originaltittel: La peste
  • Originalspråk: Fransk
  • Omsetjar: Christine Amadou
  • Forlag: Bokvennen Forlag
  • Utgitt: 1947 (På norsk i 1949, ny omsetjing i 2020)