Dramatisk auke i utlån av e-bøker

Talet på lånarar av e-bøker har mangedobla seg medan bibliotekdørene no held stengt under koronakrisa.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det har vore ein dramatisk auke i talet på nye lånarar både i Noreg og Danmark, seier Kristin Lande, kommunikasjonssjef i Biblioteksentralen til Framtida.no.

Sist veke var det 4900 nye brukarar på appen BookBites. Til vanleg er talet på nye brukarar mellom 1000-1200.

Bibliotek i Noreg-Noreg, Innlandet, Viken, Vestfold-Telemark og Vestland (minus Bergen) bruker BookBites til utlån av e-bøker. Trøndelag vil òg snart ta i bruk denne tenesta. Biblioteka andre stader har andre ordningar, som til dømes eBokBib.

I snitt brukte kvar brukar 33 minutt dagleg på å lesa sist veke.

Forventar auke

Kristin Lande forventar at den store auken held fram vidare.

– Eg er utruleg imponert over kreativiteten til biblioteka, og korleis dei har kasta seg rundt med digital formidling veldig raskt.

Les dei siste bokmeldingane til Framtida.no her!

Kristin Lande, kommunikasjonssjef i Biblioteksentralen. Foto: Nikolaj Blegvad

Jobbar for Feide-innlogging

Til vanleg er det flest vaksne som bruker BookBites i Noreg, men Lande ser no ein auke i utlånet av barnebøker som e-bøker.

Biblioteksentralen jobbar no med å leggja til rette for at elevar kan logga seg på BookBites via Feide-innlogginga som alle elevar har.

LES OGSÅ: Etterlyser fleire e-bøker for barn og unge

20 millionar til e-bøker

No har regjeringa løyvd 20 millionar kroner til innkjøp av e-bøker til folkebiblioteka. Midlane blir fordelt til fylkesbiblioteka etter folketal.

– Det er veldig gledeleg. Me har dei siste dagane fått ein auke i spørsmål frå lokale bibliotek om kjøp av e-bøker, seier kommunikasjonssjef Kristin Lande ved Biblioteksentralen.

PS: Nasjonalbiblioteket har eit nettbibliotek med digitaliserte utgåver av norske bøker utgitt før 2001. På grunn av krisa har Nasjonalbiblioteket utvida tilgangen og byrja å låne ut pliktoverleverte bøker i åtte timar av gongen, som kan gje tilgang til nyare litteratur.

LES OGSÅ: Me har spurt eit knippe forfattarar kva du bør bruka tida di på å lesa no. Her er boktipsa!

Foto av Jessica Ruscello, Unsplash.com, sett saman med bokomslag.

Slik låner du e-bøker

  1. Last ned appen BookBites. Dette gjeld bibliotek i Noreg-Noreg, Innlandet, Viken, Vestfold-Telemark og Vestland (minus Bergen). Biblioteka andre stader har andre ordningar.
  2. Opprett ein ny brukar
  3. Legg inn lånenummer og pinkode frå biblioteket. Send epost til biblioteket ditt viss du treng hjelp.
  4. Finn e-bøker eller digitale lydbøker
  5. Last ned og les eller høyr