Tre barne-tv-klassikarar du kan mimre over i karantene
Her er tre barne-tv-seriar som ikkje bør gå i gløymeboka, men bør verte introduserte for nye generasjonar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I den norske versjonen av «Flukta frå Dyreskogen» og«Dyra i Hjorteparken» har Hallvard Lydvo stemma til Rev og fleire andre sentrale dyr. Foto: NRK
Flukta frå Dyreskogen/Dyra i Hjorteparken (NRK)
Sesongar: 3
Episodar: 13 x 3
Episodelengd: 25 min
Verda og vår eksistens synest å vere truga, kanskje kan det då vere trøyst i dyra som må flykte frå Dyreskogen. Ikkje minst er det ypparleg nynorsk dubbing på den norske versjonen av den britisk-europeiske serien som gjekk på tv frå 1993 til 1995.
Du finn alle dei tre sesongane basert på barnebøkene til Colin Dann i NRK sin nettspelar, der den første heiter Flukta frå Dyreskogen og dei to neste Dyra i Hjorteparken.

Ronja Røverdatter (Hanna Zetterberg) flyttar ut frå Mattisborga i protest mot foreldra, men får Lovis-brød frå mora Lovis (Lena Nyman).
Ronja Røverdatter (NRK)
Sesongar: 1
Episodar: 6
Episodelengd: 25 min
Den svenske klassikaren frå 1984 er delt opp i seks episodar på NRK sin nettspelar. Astrid Lindgren si historie om røvardottera Ronja utspeler seg i middelalderen, når vikingane herja i Skandinavia.
Men historia er stadig aktuell. Kanskje kan Ronja og Birk sin sommar i hola vere til inspirasjon for nordmenn i frivillig karantene?
Ifølgje tv-dokumentaren Astrid er Ronja karakteren basert på dottera til eit vennepar av Astrid som hadde eit turbulent forhold, noko som også er tilfellet for røvarkongen Mattis og kona Lovis.
(PS: Er du ikkje så glad i gamle filmar frå 80-talet, så kan du kanskje heller prøve deg på den nye Studio Ghibli-versjonen som ligg på Netflix.)

I den franske teikneserien «Det var en gang… livet» får me eit gjensyn med meisteren frå forgjengaren «Det var en gang et menneske». Foto: Netflix
Det var en gang… livet (Netflix)
Sesongar: 1
Episodar: 26
Episodelengd: 25 min
Denne franske animasjonsperla frå 1987 ligg tilgjengeleg på Netflix, og kanskje er det ikkje så dumt å ta eit djupdykk inn i kroppen vår i desse dagar?
Gjennom herlege figurar og nydelege illustrasjonar vert ein kjent med korleis mekanismane i kroppen fungerer. Moro for liten og stor.