Fjorten ting du ikkje visste om Joaquin Phoenix

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

1. Han vart fødd i Puerto Rico i Karibien

Joaquin Phoenix vart fødd Joaquin Rafael Bottom den 28. oktober 1974 i San Juan, Puerto Rico. Faren John Lee Bottom har irske og spanske røter, medan mora Arlyn Sharon Dunetz kom frå New York.

2. Foreldra var «erkebiskopar» i ei sekt

I 1975 flytta familien Phoenix til Venezuela og tilslutta seg den kontroversielle sekta Children of God. Den vart grunnlagd av David Berg, som kalla seg Moses David, i 1968.

Gruppa var kontroversiell. I hippie-tida oppmoda dei medlemmene til å selja alt dei eigde, bryta med familien og flytta inn i bukollektiv der det vart praktisert fri sex. Gruppa var misjonerande og kvinner vart oppmoda til å rekrutterte menn gjennom såkalla «flirty fishing».

Medlemmene i den kristne kultgruppa Children of God reiste til Sør-Amerika for å praktisere trua i eigne samfunn. Dette biletet frå 1971 er frå før familien Bottom vart med og er truleg teke i USA. Foto: AP

Foreldra til Phoenix vart utnemnde til «erkebiskopar» i Venezuela og Trinidad, men braut med gruppa i 1977. Grunnen skal ha vore at sektleiaren oppmoda kvinnelege medlemmer til å vera det han kalla «hookers for Jesus» og at han oppmoda til incest og overgrep på barn.

Då familien reiste frå Sør-Amerika til Florida bytte dei etternamn frå Bottom til Phoenix, som eit symbol på den nye starten.

3. Han kalla seg Leaf som liten

Frå han var fem år til om lag 15 kalla Joaquin seg Leaf. Grunnen skal ha vore at han ville vere som syskena, som alle hadde naturinspirerte namn: River, Rain, Summer og Mariposa, som betyr sommarfugl på spansk.

Ein annan grunn skal ha vore at ingen klarte å uttala det spanske namnet Joaquin.

4. Han har spelt Superkid

På den tida han framleis kalla seg Leaf spelte Phoenix rolla som Billy Hercules i tv-serien Superkid (1989).

5. Storebroren River Phoenix var eit 90-talsikon

River Jude Bottom var fire år eldre enn Joaquin. Han vart oppkalla etter livets elv i romanen Siddharta og Beatles-hiten Hey Jude.

Arlyn Sharon Phoenix fekk borna sine inn i skodespelaryrket i Hollywood og eldstemann River Phoenix fekk gjennombrotet sitt i Stand by me (1986):

Han var berre 19 år gamal då han vart nominert til Oscar for beste birolle i Running on Empty (1989).

Han var også musikar og spelte i bandet Aleka’s Attic:

31. oktober 1993 døydde River Phoenix av ein overdose utanfor Hollywood-klubben The Viper Room, berre 23 år gamal. Veslebroren Joaquin Phoenix var til stades då det skjedde.

Først i 2012 kom filmen Dark Blood ut, som River Phoenix spelte i på den tida:

6. Storesystera Rain Phoenix er også skodespelar og artist

Det er vanskeleg å kome utanom familien med alle dei eksentriske namna. Rain Joan of Arc Phoenix spelte i bandet Aleka’s Attic med storebroren River og i punkbandet The Causey Way, med veslesystrene Summer Joy og Mariposa.

Ho har ikkje hatt same suksess på lerretet som brørne sine, men har spelt i filmar som Even Cowgirls get the blues og Hitch.

I tillegg er ho soloartist:

7. Han har vore veganar sidan han var 3 år

Dyrevelferd er ei av hans mange hjartesaker. Skodespelaren har fortalt kor sterkt inntrykk det gjorde på han då han i ein alder av tre år såg korleis fisk vart fanga, på veg frå Venezuela til Florida. Kort tid etter vart heile familien veganarar.

Phoenix får æra for at Golden Globe i år køyrte ein heilt plantebasert meny og i Oscar-talen sin løfta han mellom anna dyrevelferd:

8. Han har jobba som brannmann

For å førebu seg til rolla som brannmann i filmen Ladder 49 (2004) gjekk skodespelaren seks veker på Baltimore Fire Academy og fekk testa yrket.

9. Han vart handplukka av Johnny Cash

«The man in black» likte Joaquin Phoenix så godt i The Gladiator at han handplukka han til å spela seg sjølv på lerretet. Det var ikkje dumt. I Walk the Line (2005) song Phoenix sjølv og vart nominert til Oscar for beste hovudrolle:

10. I 2009 trudde alle det hadde klikka for han

Ingen visste heilt kva dei skulle tru då Joaquin Phoenix stilte opp til intervju hos Late Night with David Letterman og fortalde at han satsa på ein hip-hop-karriere:

https://www.youtube.com/watch?v=RRb_3hCa72Y

Året etter beklaga han oppførselen og forklara at alt var eit stunt i samband med mockumentaryen I’m still here regissert av Casey Affleck, som er mest kjent for ei scene der Joaquin Phoenix vart bæsja på:

11. Han har vore saman med Liv Tyler

I 1997 spelte Joaquin Phoenix og Liv Tyler mot kvarandre i den romantiske komedien «Inventing the Abbotts»

Frå 1995 til 1998 var Liv Tyler og Joaquin Phoenix eit superpar. Seinare har han vore saman med True Blood-stjerna Anna Paquin, men er no forlova med Rooney Mara.

Phoenix og Mara møttest på settet til Spike Lee-filmen Her i 2012. Phoenix har fortalt at han fann ho på nettet og at dei var e-postvener etter innspelinga. I 2019 forlova dei seg.

Superparet Joaquin Phoenix og Rooney Mara møttest under innspelinga av filmen «Her», som handlar om kjærleik i tida til kunstig intelligens.

12. Han er svogeren til Casey Affleck

Hollywood er ein liten familie og veslesystera Summer Joy er gift med Casey Affleck, som er veslebroren til Ben Affleck.

13. Han støttar klimasaka

Skodespelaren er blant dei som har vorte med Jane Fonda på Fridays Fire Drill, som er gamlisversjonen av Fridays For Future:

Actress and activist Jane Fonda hugs actor Joaquin Phoenix outside the U.S. Capitol during a protest on climate change Friday, Jan. 10, 2020, on Capitol Hill in Washington. (AP Photo/ Jacquelyn Martin)

14. Han elskar gjenbruk

Medan andre nyttar tusenvis av dollar på glitter og stas stiller Joaquin Phoenix opp i den same dressen frå Stella McCartney på prisutdeling etter prisutdeling, noko designaren rosar han for på Twitter: