Musikkdagboka: Raylee vil høyre Shania Twain i bryllaupet sitt

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Laurdag 11. januar sikra Raylee seg ein plass i gullfinalen i Melodi Grand Prix. Men 22-åringen frå Tromøya i Arendal har allereie lang fartstid i rampeljoset.

Allereie som 11-åring gav Raylee Charlotte Kristiansen ut plate under artistnamnet «Lotta». Sida den gong har ho vore å sjå og høyra både på musikalscena, Stjernekamp, Skal vi danse og MGP.

I musikkdagboka deler ho sine ultimate favorittar:

Favorittsjanger

Pop/Rnb må eg nok seie, men likar også godt blandinga med country. Samstundes elskar eg veslesøster sine jazztonar.

Favorittband

Favorittband er vanskeleg, trur eg seier DumDum Boys, for livet dei skapar på konsertane, så har dei mange bra låter.

Første favorittlåt

Første favorittlåt var faktisk Mambo No.5, trur eg var 2,5 år gamal. Kalla den «Van komme sel».

Første album du kjøpte sjølv

Første CD trur eg var var ein Hits for Kids, men kan ikkje hugse årstalet.

Kva synest du i dag om musikksmaken din som tenåring?

Likte mykje forskjellig musikk, så kan endå dra fram låtar fra 2010 og synast dei er ok.

Kva syng du i dusjen?

Eg syng alt mogleg i dusjen, og alt etter kva stemning eg er i. Kanskje noko av Camila Cabello.

Verdas beste kjærleikslåt

Verdas beste kjærleikshetslåt må vel vere: I will allways love you av Whitney U.

Kva låt skulle du ynskje du hadde laga?

Swim good av Frank Ocean. Viktig låt som eg gjerne skulle ha skrive.

Beste treningsmusikk:

Beste treningsmusikk, oj..hjelp. Her bruker eg mykje.

Guilty pleasure:

Guilty pleasure, dette var vanskeleg.

Verdas mest oppskrytte band/musikar:

Dette er så individuelt, alle har sin egen musikksmak.

Verdas mest undervurderte band/musikar

Mest undervurdert er nok mange som kan gå under, då det er så mange dyktige som arbeidar livet av seg, og aldri får ein fortent plass.

Kva for artist ville du hatt privatkonsert og middag med i stova di?

Oj, kanskje Jan Teigen. Han har eg eit stort hjarte for.

Kva låt vil du ha i bryllaupet ditt?

I bryllaupet mitt? Hm.. From this moment on, Shania Twain.

Kva låt vil du ha i gravferda di?

I gravferda mi, kanskje Siri Nilsen si låt, Jeg vet. Med nokre små endringar.