Slik trudde dei verda skulle sjå ut i år 2000

For over 100 år sidan prøvde franske illustratørar å spå framtida, med hell og uhell.

Peder Skjelten
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei franske illustratørane Jean-Marc Côté og Villemard publiserte postkort saman med sigarettboksar mellom 1899-1910. Illustrasjonane skulle vise korleis verda kom til å sjå ut i år 2000.

I 1986 blei korta publisert av science-fiksjon forfattaren Isaac Asimov i Futuredays: A Nineteenth Century Vision of the Year 2000.

Nokre av illustrasjonane er fjerne frå å vise korleis verda var i 2000, eller i dag, medan andre var nærare å forutsjå korleis teknologien kom til å forandre verda.

I lista under kan du sjå fem av illustrasjonane som bomma, og fem som var nære å treffe.

Undervassløp

Dei var kanskje meir opptatte av kva som var under vassoverflata før. Det kan i det minste sjå slik ut på dei fantasifulle framstillingane av alt som skulle føregå under vatn i år 2000.

© Jean-Marc Côté 1899/Wikimedia Commons.

Sjøhestdykking

Sjøhestar har plass i handflata di. Ikkje berre spådde illustratørane at dei sjøhestane skulle bli store som hestar på land, men ri dei skulle vi òg.

© Jean-Marc Côté 1899/Wikimedia Commons.

Kvalbuss

Jules Verne sin roman Ei verdsomsegling under havet, blei publisert i Frankrike i 1870. Kanskje har den stått som inspirasjon for dei mange undervasscenene i illustrasjonane?

© Jean-Marc Côté 1899/Wikimedia Commons.

Brannslukning i lufta

Også i lufta skulle menneske kome seg lettare fram. Blant anna skulle brannmenn bruke venger for å slukke flammar i høge bygningar, og bilar med venger skulle fungere som taxiar gjer i dag.

© Villemard 1910/Wikimedia Commons.

Lufttaxi

Trass i all kreativiteten, klarte ikkje illustratøren Jean-Marc Côté å sjå føre seg at det ville vere enklare å flyge med propellar enn venger.

© Jean-Marc Côté 1899/Wikimedia Commons.

Framsynte på teknologi

Trass i at illustratørane bomma i å spå korleis år 2000 skulle bli i lufta og under havet, var dei nære når det kom til korleis teknologi ville prege kvardagen. Under er fem illustrasjonar som var nærare å spå korleis vi lever i det 21. hundreåret.

Diktering

Noko av det største teknologiske inngrepet sidan 2000 har vore mobiltelefonen. I dag er det mogleg å diktere til den, men for over hundre år sidan såg dei føre seg å diktere til eigen maskin.

© Villemard 1910/Wikimedia Commons.

Robotstøvsugar

Elektrisk skrubbing gir assosiasjonar til dagens robotstøvsugarar.

© Jean-Marc Côté 1899/Wikimedia Commons.

Postlevering

I illustrasjonen under ser ein postleverandør i lufta, i dag spår ekspertar at postlevering med drone vil bli kvardagen i næraste framtid.

© Jean-Marc Côté 1899/Wikimedia Commons.

Hurtigmat

Produksjonen av kjøt har blitt raskare, det har illustratørane rett i, men det er framleis ikkje så raskt som det blir framstilt under.

© Jean-Marc Côté 1899/Wikimedia Commons.

Automatisering

Gardsdrift er hard arbeid i dag og var kanskje hardare før. Fleire bønder ønskte sikkert å automatisere arbeidet som på illustrasjonen under. Sjølv om det ikkje er slik i dag, er det ikkje langt unna samanlikna med korleis det var.

© Jean-Marc Côté 1899/Wikimedia Commons.

Framtida.no spår at Kanye West får arbeidsplass på Det ovale kontoret i Det kvite huset i løpet av dei neste førti åra. Biletkollasjen viser kor godt Kanye West hadde kledd rolla som president i USA. Foto: Det kvite hus/Shealah Ctraighead og AP Photo/Michael Wyke. Biletkollasj: Framtida.no