Slik blir du ikkje ein plagsam gjest i jula

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Allereie i november var The New York Post ute med tips og råd, basert på ei undersøking blant 2.000 amerikanarar om såkalla gjesterometikette, og avslørte dei verste overtrampa ein gjest kan gjere, og dessutan dei verste som dei spurde sjølv hadde opplevd.

Topp tre på fy-lista var å komme utan å vere invitert eller å ha sagt ifrå på førehand, å snoke rundt utan å be om lov og å øydeleggje eigedelane til verten.

Undersøkinga er gjennomført av analyseselskapet OnePoll for Mattress Firm og viste at også over 40 prosent hadde lite til overs for høglydte gjestar og gjestar som røykte og rota.

Nordmenn skal heim

Ifølgje ei elektronisk spørjeundersøking gjennomført av Respons Analyse for SpareBank 1 i perioden 14.–21. november i år blant 1.019 personar skal òg ein stor del nordmenn bruke mykje tid tett på familie i jula.

Heile 32 prosent, noko som svarer til over 1,3 millionar personar, seier dei skal reise til familien, medan 4 prosent, noko som svarer til nesten 181.000 personar, skal reise og vere hos venner.

I tillegg er det fleire som skal reise andre stader, som på hytta og til utlandet, utan at det blir spesifisert om det er saman med venner og familie. Totalt skal heile 45 prosent i Noreg reise bort i jula – nesten 1,9 millionar innbyggjarar.

Det gjeld å oppføre seg om det skal bli triveleg for alle partar.

Gjestesynd nummer 1: Komme utan invitasjon eller ha med uinviterte gjestar på slep. Det er heller ikkje populært å komme tilbake seint og full, å bråke, å sitte seint oppe om natta med TV-en på høgt volum, å rote eller å røykje når ein er på overnattingsbesøk.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

Uinvitert, seint og overstadig berusa

Andre irriterande ting gjestar gjer, er å ta med seg ekstra, uinviterte personar til selskapet, og ikkje minst komme heim seint og overstadig rusa, ifølgje The New York Posts undersøking.

Det står heller ikkje høgt i kurs å krevje mykje av verten og forsyne seg med mat og drikke utan å spørje først.

Sjølv om ein ganske høg del kunne liste opp mykje som var irriterande, svarer heile 63 prosent at dei synest det er koseleg å ha venner og familie på overnattingsbesøk, til og med når dei ikkje oppfører seg. Tre netter er likevel nok, generelt sett. Etter det byrjar det å bli litt mykje for dei fleste vertane.

Blant det verste folk hadde opplevd, var at ein gjest sovna naken i stova, ein annan gjest sette fyr på rommet sitt, medan ein tredje slo hol i veggen.

Blant ufine ting vertane har oppdaga, var at gjestar stal pengar frå dei, medan det òg blir reagert på at ein gjest tok med seg kjæledyret til verten i senga. Ein annan likte dårleg at ein full gjest gjorde om på juledekorasjonane i huset.

Svar på spørsmål

Krava til ein god vert er faktisk mindre strenge enn til ein god gjest. Det absolutt beste ein kan gjere er å vere hjelpsam viss gjesten har eit spørsmål, det set 43 prosent pris på. Deretter handlar det mykje om førebuingar på gjesterommet: Legg fram meir enn eitt handkle, det liker svært mange, og sørg for at senga er komfortabel og oppreidd – ei god natt med søvn er viktig for mange – og sørg for tilgang på toalettsaker på badet.

Ein liten lapp med passord til internett blir òg sett veldig pris på. Viss husverten i tillegg lèt vere å bråke mykje om morgonen, men i staden vekkjer gjestane med ein varm kopp med kaffi, då får vedkommande stjerne i margen.

Kanskje greitt å ikkje følgje opp alle punkta, då, som å servere alle måltid og levere friskt vatn på rommet kvar dag, elles kan det vere at gjestane ikkje reiser etter dei kritiske tre døgna?