Gunhild (15) held nyttårstale før kongen og statsministeren

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I månadsskiftet oktober/november blei barn over heile landet oppfordra til å sende inn eigne innspelte talar, som ein komité nedsett av Unicef gjekk gjennom.

– Vi har sett eit skifte dei siste åra der fleire barn tør å snakke høgt og be vaksne lytte. Derfor er det så fint at vi får vere med å løfte opp barn og deira stemmer som minst like viktige, når heile landet samlar seg framfor TV-skjermen, seier generalsekretær Camilla Viken i Unicef Norge i ei pressemelding.

Sterk og tankevekkande tale

Gunhild Gjøsund Kleppen er juniorrådgjevar for Barnekonvensjonen i URO, Plan Norges ungdomsgruppe. Foto: URO

Gunhild Gjøsund Kleppen (15) sin tale blei plukka ut av ein komité med 12 medlemmer, med Unicef-ambassadør Penelope Lea som komitéleiar.

–  Ein ivrig komité sat ein heil kveld og diskuterte før dei til slutt landa på Gunhild. Eg håpar så mange som mogleg får med seg denne sterke og tankevekkande talen, som gir eit godt bilete av korleis mange unge opplever utfordringane både dei og me som vaksne står ovarnfor i vår tid, seier Viken.

På TV rett før Solberg

Etter valet vart teke, vart talen spelt inn i Rikssalen på Eidsvoll i byrjinga av desember. Den vert vist på TV2 på nyttårsaftan klokka 19, like før talen til kongen, og 1. januar klokka 19 rett før statsminister Erna Solberg sin tale.

Ideen til satsinga kjem frå medie- og produksjonsselskapet Nordic Screens. Primus motor er Stian Barsnes-Simonsen, kjent som programleiar på NRK og TV 2.

Alle talane som blei sende inn, blir også brukt i utvikling og utforming av eit nytt digitalt læreverktøy som vert lansert i 2020.