Juleevangeliet med kjende stemmer

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det skjedde i dei dagar…

Du har sikkert høyrt det nokre gonger før og for mange vert det ikkje jul før Juleevangeliet er lese opp. Kanskje er det nettopp du som plar finna fram orda og lesa høgt?

I år kan du overlata jobben til Erna Solberg og eit koppel av andre kjende personar.

Sjå videoen:

– Verda treng juleevangeliet

Leiar for Kirkerådet, Kristin Gunleiksrud Raaum. Foto: Bo Mathisen

Det er Den norske kyrkja som har laga filmen som viser folk som har vore aktive i nyhendebilete det siste året.

Statsminister Erna Solberg opnar og etterkvart får me sjå og høyre frå mellom anna to førsteklassingar, Olav Thon, Erlend Elias og Helsesista.

– Eit nyfødt barn, fødd av ei ung, fattig og sikkert livredd mor. Slik kom Gud til verda. Det var neppe vakkert og idyllisk. Heller kaldt og hustrig og skremmande. Forteljinga om dette barnet lever framleis. Ho fortel om håp i ei såra verd. Verda treng juleevangeliet, seier kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum i ei pressemelding.

Dette er dei 15 som les

Deltakarar i filmen er: Erna Solberg, trenar Gjert Ingebrigtsen, politikar Torstein Lerhol, «Hesesista» Tale Maria Krohn Engvik, forfattar Ellen Arnstad, skodespelar Andrea Bræin Hovig, eigedomsmogul Olav Thon, Trude Jacobsen frå «Dråpen i havet», tidlegare sikhoppar Bjørn Einar Romøren, skuleelev og samfunnsdebattant Ea Baklund, stylist Erlend Elias Bragstad, brigadeprest i Forsvaret, Annika Larsen, biskop emeritus Gunnar Stålsett – og dei to seksåringane Sophia Fanuel Kassahun og Wilma Rye-Holmboe Tsemane.

Har du noko på hjarta?
Send oss gjerne meiningsinnlegg eller tips på tips(a)framtida.no!