14. ETG: Århundrets julekalender: Velkomen til år 2011

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 29.01.2020 15:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva skjedde i 2011?

Det er nesten ikkje vits i å stilla spørsmålet, for sommaren 2011 har brent seg inn i hugsen vår. Terroråtaket ved regjeringskvartalet og Utøya 22. juli gløymer me aldri.

Tidlegare på året var alle oppteken av Amelie-saka og den arabiske våren, som slo ut for fullt. Så kom jordskjelvet og atomkatastrofa i Fukushima, og ikkje minst Vågå-saka der ordførar Rune Øygarden vert pågripen og sikta for seksuell omgang med ein mindreårig.

Kim Jung-il døyr av naturlege årsakar, medan Osama Bin Laden og Gadaffi vert drepne. Her heime er det smør-krise og stormen «Dagmar» sløkte mange julelys, men på den lysare sida fekk verda sitt 196. land då Sør-Sudan vart uavhengige.

Dette lytta me til

Heile verda lot seg sjarmere av American Idol-deltakar Chris Medina. Den då 28 år gamle songaren framførte låta What are words, som han dedikerte til forloveden Juliana Ramos.

Ramos fekk ein hjerneskade to månadar før dei skulle ha gifta seg, noko som gjorde at ho ikkje kunne snakka og måtte sitja i rullestol.

Medina kom til topp 40, men etter han rauk ut turnerte han verda over. Han vart fort døypt til Noregsven, noko som viste seg å stemme. Medina er nemleg i dag godt etablert med norsk kone og barn.

Dette såg me på kino

Det var endeleg klar for den store finalen mellom Harry Potter og Voldemort. 568.290 personar gjekk på kino for å sjå den aller siste Potter-filmen, Harry Potter og dødstalismanene – del 2.

Også den norske storfilmen Hodejegerne, basert på Jo Nesbø si bok med same tittel, gjorde det skarpt med 557.086 besøkande.

Dette sa me

Rosetog vart kåra til årets ord av Språkrådet.

Frå rosetoget i Oslo etter 22. juli 2011. Foto: GGAADD/CC BY-SA 2.0-lisens

Occupy vart kåra til årets ord 2011 av American Dialect Society. Det starta med at amerikanar hadde sett seg lei på bankane sin grådigheit, som førte til at finanskrisa ikkje råka dei ansvarlege.

Dei 99 % reiste seg i protest mot den eine prosenten og okkuperte Wall Street. Rørsla spreidde seg vidare til storbyar verda over.

Skodespelar Mark Ruffalo talte 20. oktober 2011 for demonstrantar i Occupy Wall Street-campen i Zuccotti Park før ein demonstrasjon. Han var ein av kjendisane som engasjerte seg sterkt i saka. Foto: AP Photo/Mary Altaffer

Dette gjekk me med

Sidecut og undercut. Sveisen skulle vere asymmetrisk:

Ellie Goulding slo igjennom i 2010 og hadde sidecut då ho vitja Noreg for å spela på Nobelkonserten 2011. Rihanna rocka sveisen allereie i 2009. Foto: AP Photo/Evan Agostini, Amy Sussman/Invision/AP

Dette lo me av

Nyan cat:

Planking: TIME Magazine gav den bisarre trenda andreplass når det kom til memes 2011. (Førsteplassen gjekk til 99 %.)

Greia var ganske enkelt at ein skulle leggje seg flatt ned på dei mest utrulege plassar – og dokumentere det såklart:

Trenda skaut fart i mai 2011, etter at ein person i Australia mista livet:

Media elska å hata Facebook-trenda planking og rapporterte villig vekk om utrulege planke-stunts, som då Bendik (14) planka på ei daud brugde. Eller denne bussjåføren:

Denne bussjåføren sitt plankestunt nådde ifølgje Wikipedia framsida på Nordlys. Det same gjorde ungdommane som planka i ein tunnell. Foto: Thor Rune/faksimile Nordlys

Dette snakka me om

William <3 Kate

Heile Storbritannia gjekk mann av huse då prins William av Wales fekk ja frå Kate Middleton. Kate hadde allereie vunne prinsen og kongeriket, men to andre ting stal fokuset på den store dagen.

Etter bryllaupet snakka alle om rumpa til Pippa Middleton, som er veslesystera til den ferske hertuginna av Camebridge. Fleire medier spurte om Pippa faktisk stal systera sin glans i den figurnære kjolen.

Brura Kate Middleton vinkar på veg inn i Westminster Abbey for å gifte seg med prins William av Wales 29. april 2011. Veslesyster Pippa Middleton har ansvar for slepet. Foto: AP Photo/Martin Meissner

Den som verkeleg stal glansen var tre år gamle Grace van Cutsem, som ikkje storkoste seg med brurepikepliktene på slottsbalkongen.

Prins William kysser Kate, hertuginna av York. Til venstre står Grace van Cutsem (3), som ikkje synest noko om alt ståket. Foto: AP Photo/Matt Dunham, File

Og det var ikkje berre på balkongen Grace var litt mindre nøgd:

Truls Svendsen som Beyoncé

Justin Timberlake hadde allereie dansa til den legendariske Single Ladies-koreografien i Saturday Night Live, men Truls Svendsen sitt Gullfisken-show gjekk Timberlake ein høg gong.

To år i førevegen drakk Svensen seg inn i alle sine hjarte som full reportert på Bond-premiere og atter ein gong viser han seg som kongen av sjølvironi:

Første episode av GoT – Winter is coming

17. april 2011 kom første episode av storsatsinga Game of Thrones ut i USA. Serien var ekstremt påkosta, men har ofte gjort reint bord under Emmy-utdelingane.

Serien hadde òg den tvilsame æra å vere den mest ulovleg nedlasta serien i ei årrekkje.

Det var dei gode gamle dagane før Ned Stark (Sean Bean) vart halshogd og Arya (Maisie Williams) reiste ut på hevntokt. Foto: Helen Sloan/HBO

Allereie i 2011 vann serien Emmy for beste åpningssekvens. Og for dei som ikkje hugsar så mange drap, krigar og torturscener så langt tilbake, er her eit lite gjensyn: