Harry Potter-produsent med internasjonal storfilm om Pippi Langstrømpe

Ein ny, internasjonal storfilm om Pippi Langstrømpe er undervegs, men kjem ikkje i mål til 75-årsfeiringa i 2020.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er framleis eit veldig tidleg stadium, han kjem ikkje neste år, seier direktøren for Astrid Lindgren Aktiebolag, Olle Nyman, då han møtte pressa under lanseringa av «Pippi på Cirkus» nyleg.

Nyman, som er barnebarnet til den høgt elska barnebokforfattaren, sa òg at det «forhåpentlegvis blir fleire filmar også, ikkje berre éin», ifølgje TT.

Harry Potter-produsent

I oktober vart det kjent at Astrid Lindgren Aktiebolag, som forvaltar livsverket til forfattaren, hadde inngått avtale med Studiocanal og Heyday Films om å byrje arbeidet med ein Pippi-film.

Studiocanal og Heyday Films står bak dei to «Paddington»-filmane. Sistnemnde har òg produsert alle «Harry Potter»-filmar og er no i gang med «Fantastic Beasts»-filmserien.

– Med David Heyman og den imponerande merittlista hans når det gjeld å bringe store, litterære verk til kinolerretet, og Studiocanal, er vi sikre på at vi har funne eit team som kan forstå og setje pris på den fulle verdien av Pippi Langstrømpe og utvikle filmar som fangar både det leikne og tyngda i verka til bestemor mi, uttalte styreleiar Nils Nyman, endå eit barnebarn, då filmplanane vart røpte i oktober.

75-årsjubileum i 2020

Den første boka om Pippi Langstrømpe feirar 75 år i 2020, sjølv om Pippi sjølv «for alltid forblir ni år», ifølgje Lindgren-forvaltarane.

Boka kom i 1945, eit år då mange var på flukt, og jubileet blir derfor feira i samarbeid med Redd barna – og prosjektet deira Girls on the Move.

Astrid Lindgren sine bøker er omsett til nærmare 90 språk i 100 land, og seld i over 100 millionar eksemplar. Foto: Wikimedia Commons