Pippi kan redda truga språk
Omsetjinga av tre bøker om Pippi Langstrømpe til kildinsamisk gjev nye framtidsutsikter for det utryddingstruga språket.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kildinsamisk blei ein gong snakka over heile Kolahalvøya, men i dag er det berre knapt hundre menneske i og rundt byen Lovozero som brukar språket aktivt, fortel Forskning.no.
– Men interessa for å læra seg kildinsamisk er aukande blant unge menneske, og då treng språket både bøker og ordbøker, seier doktorgradsstudent ved Institutt for språkvitskap ved Universitetet i Tromsø, Elisabeth Scheller til nettavisa.
Ho har arbeidd med det utryddingstruga i tolv år og er redaktør for tre bøker om Pippi Langstrømpe som kom ut på kildinsamisk i fjor.
LES OGSÅ: Forbyr Pippi på russisk pensum
Men då bøkene kom ut, viste det seg at det ikkje fanst gode nok ordbøker til å lesa dei omsette bøkene. Dermed sette forfattaren som har omsett bøkene seg ned og laga den første ordboka med kvardagsspråk på kildinsamisk og russisk.
– Denne blir viktig for å få russiskspråkleg samisk ungdom til å ta i bruk kildinsamisk både munnleg og skriftleg, til dømes når dei kommuniserer på sosiale media, seier Scheller som no arbeider med å få til ein nettversjon av ordboka. (©NPK)