Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Over hundre folk samla seg i Sævarhagsvikjo for å høyra historia bak koleraepidemien, formilda av Jane Jünger, under Falturiltufestivalen sist veke.

Frå gravsteinen til kolerakyrkjegarden i Hystadmarkjo på Stord. Foto: Torgeir Keun Lysen

– Det er tretten menneska som ligg her. Dei minste av dei er eitt og fire år gamle. Men for det meste er det unge menn. Men kvifor ligg unge menn gravlagt i fleire av kolekyrkjegardane langs kysten vår?

I desember 1848 kom sjukdommen til Bergen, og spreidde seg raskt til Stord og andre stader på Vestlandet.

Kolera er ein tarmsjukdom som fører til kraftig oppkast og diare. Den spreier seg gjennom drikkevatn og avføring.

Dersom pasienten får tilført nok væske, er ikkje sjukdommen dødeleg. Før i tida når tilgang til reint drikkevatn ikkje var ein garanti, var kolera ofte ein dødsdom, til og med for dei sterkaste.

Kolerahysteriet

– Som dei trudde, spreidde sjukdommen seg fort blant sjømennene. Folk var heilt hysteriske, så når fiskebåtane kom i land, fekk dei ikkje hjelp.

Verken legane eller styresmaktene i Noreg visste korleis kolera smitta, og for å hindra smitte innførte dei ein regel. Lika måtte liggja minst femti alen vekke frå hus og kyrkjegardar. Dette førte til slike kolerakyrkjegardar som denne her på Stord, som ligg vekke frå all sivilisasjon.

Alen er ei gammal måleining. Ein alen er om lag 0,63 meter eller to fot.

– Tenk litt på dei gravlagde her i Hystadmarkjo neste gong du går forbi, avslutta Jünger.

Video: Torgeir Keun Lysen

Spøkjelsesdansarar

I tillegg til den gripande historia til koleragravplassen, fekk publikummet også gleda av å sjå framføringane til kulturskulen.

Dansarane opna Falturiltu-arrangementet med ein dans i hamna, og ein meir kreativ variant rett utanfor kyrkjegarden. Elevane hadde lange kvite skjorter, rufsete hår og svart sminke rundt auga. I handa heldt dei lommelykter, som skapte ein unik visuell oppleving.

Etter dansen strøyma publikummet inn den litle porten bort til gravmonumentet. Det minner oss om ein tragisk periode på Vestlandet då koleraen herja.