I ein rapport omtalt i Aftenposten har Nordlandsforskning følgt 20 ungdommar frå sakene deira kom til Konfliktrådet heilt til dei vart avslutta. Forskarane har òg kartlagt 1.700 saker som konfliktråda i Noreg har behandla frå ungdomsstraff vart innført i 2014 og fram til 2018.
Ungdomsstraff, som blir fastsett i Konfliktrådet, er eit alternativ til fengsel for unge lovbrytarar. Lovbrytaren skal då få hjelp og oppfølging, til dømes med rus- og åtferdsproblem.
Rapporten viser at éin av ti trekker samtykket til ungdomsstraff eller -oppfølging undervegs, nokre gonger før oppstart.
30 prosent av ungdommane vart dømte for nye lovbrot berre eitt år etter at straffereaksjonen vart fullført.
- Les også: – Fleire får ungdomsstraff
Hjelpeapparatet er ikkje godt nok rusta

Forskar Therese Andrews meiner hjelpeapparatet ikkje er godt nok rusta til å handtere sakene. Til dømes får enkelte unge valdsutøvarar tilbod om kurs i sinnemeistring som er berekna for vaksne, når det kanskje ikkje er sinnemeistring dei har behov for.
Forskarane seier dei òg har snakka med unge som ber om å få sleppe avrusing som eitt av tiltaka i ungdomsstraffa, fordi dei røyker hasj og ikkje ser på seg sjølv som narkomane.
– Slike stader er for heroinistar, seier dei. Ungdommane er redde for å bli påverka, seier Andrews.
– Tiltaka som blir sette inn i ungdomsstraffa, står ofte ikkje i forhold til problema ungdommane har, seier barneombod Inga Bejer Engh.