– Ein god gammaldags skiboms, men på ein meir berekraftig måte

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 27.10.2019 21:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi følger Petter Westgaard. Draumen hans er å optimalisere kvardagen slik at han kan leve av og for skikøyring. Han ønsker å bruke mest mogleg tid i fjellet. I utgangspunktet er han ein god gammaldags skiboms, men på ein meir berekraftig måte, seier Matias Myklebust i Ranglefant til Møre-nytt.

«Glæder»

Ski-serien på fire episodar med namn «Glæder» tek temperaturen på det norske skimiljøet, fortel filmskaparen.

– Dette er Noregs beste skikøyrar, dei som sparar pengar og kjem seg ut ved høve og dei som har valt ein jobb som gir mykje fridom, seier han om serien.

Undervegs i prosjektet har dei både vore i Molladalen, i Patchellhytta på Stranda, i Narvik og på ein to veker lang segltur med ein båt som til dagleg har base i Ålesund.

«Glæder» har premiere 1. november på heimesidene til Friflyt. Kvar fredag gjennom november vil det lansert ein ny episode. Men allereie no i helga kan dei som oppheld seg nær Volda få med seg førpremiere på serien på Volda kino.

Nordmenn bruker 15 milliardar årleg på turutstyr. Illustrasjonsfoto: Patrick Hendry, Unsplash.com