Ta testen: Kva elementærpartikkel er du?
No kan du (omsider!) få svar på om du er ein særkvark eller ein sjarmkvark.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ingvild Garmo Nilsen. Foto: Eivind Torgersen/UiO/via Titan/CC BY 4.0
– Vi ynskjer å ufarleggjere den kompliserte partikkelfysikken og gjere det litt lettare for publikum å forstå noko av det som skjer på dette feltet.
Det seier Ingvild Garmo Nilsen til Universitetet i Oslo si realfagsavis Titan.
Ho arbeider hjå skulelaboratoriet ved CERN i Sveits, og prøvar til dagleg å gjere partikkelfysikk enklare å fatte for skuleelevar og studentar frå heile verda.
Eit av dei siste grepa skulelaboratoriet har gjort, er å lage ein quiz som fortel kva elementærpartikkel som best passar din personlegdom!
Vert du kjendis-elektronet?
Elementærpartiklane er dei aller minste udelelege partiklane i naturen. Kjendisen av desse partiklane er elektronet, som dei fleste har høyrt om. Med det sist oppdaga Higgs-bosonet, kjenner ein til no heile 17 ulike elementærpartiklar.
Alle desse elementærpartiklane har forskjellige kjenneteikn, ikkje ulikt menneska.
Samstundes har dei fleste av desse kvar sin anti-partikkel med motsette eigenskapar.