Slik slår statsbudsjettet ut i kvardagen

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 14.10.2019 22:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik slår statsbudsjettet ut:

Mat, drikke og tobakk

* Alkoholavgifta blir auka med 2 prosent, både for sprit, øl og vin. Dette er i takt med prisstiginga. Avgifta på lettøl blir òg auka med rundt 2 prosent.

* Sukkeravgifta for brusdrikkar består. Dermed blir det ikkje noko prisfall på norsk brus, slik brusprodusentane hadde håpt på. Tvert imot blir avgifta prisjustert opp i budsjettforslaget.

* Tobakksavgifta blir auka med 1,9 prosent for sigarar, sigarettar, røyketobakk, snus og skråtobakk, ei rein prisjustering.

Bil og motor

* CO2-avgifta for bensin aukar med 6,8 prosent og vil ligge på 1,26 kroner per liter neste år. Men for å kompensere for dette kuttar regjeringa vegbruksavgifta (bensinavgifta) med 6,5 prosent for bensin og 5,0 prosent for diesel. Vegbruksavgifta vil ligge på 4,91 kroner per liter neste år, mot 5,25 i år.

* Avgifta for bioetanol blir kutta med 54,9 prosent.

* Eingongsavgifta for bilar blir auka med 1,9 prosent. Avgifta gjeld ikkje for elbilar.

Bompengar

* Regjeringspartia har tidlegare varsla at folk som har store utgifter til bompengar, skal få trekke det frå på skatten gjennom eit eige frådrag. Men dette forslaget er no skrinlagt, ifølgje VG.

– Vi har prioritert å følgje opp bompengeavtalen, som gir meir lette i bompengar og som gir raskare effekt for bilistane, opplyser statssekretær Lars Joakim Hanssen (Frp).

Straum

* Elavgifta blir prisjustert og blir auka med 1,9 prosent. Ho vil ligge på 16,13 øre per kWh neste år, mot 15,83 i år.

Lisens

* NRK-lisensen blir fjerna, noko som har vore kjent ei stund. I staden skal NRK finansierast over skattesetelen ved å redusere personfrådraget i inntektsskatten. Ein husstand med to skattytarar vil betale om lag det same som tidlegare, dersom dei betalte lisens, opplyser regjeringa.

Netthandel

* Som varsla, blir den avgiftsfritaket for varer under 350 kroner fjerna når ein kjøper varer på nett frå utlandet. Dermed blir desse varene dyrare. Det blir oppretta eit system der dei utanlandske nettbutikkane må registrere seg for å betale inn moms.

Skatt og sparing

* Den maksimale eigedomsskatten kommunane kan ta, blir reduserte ytterlegare, ned til 4 promille.

* Grensene for bustadsparing for ungdom (BSU) blir haldne uendra: Maksimalt sparebeløp per år er 25.000 kroner, og det totale beløpet er 300.000 kroner.

* Frådraget for fagforeiningskontingent blir halde på same nivå som i år, 3.850 kroner.

Familie

* Barnetrygda skal auke med 3.600 kroner i året for barn opp til fylte seks år. Det skjer frå 1. september 2020.

* Det blir sett eit tak på foreldrebetalinga på SFO for elevar på 1. og 2. trinn frå neste skuleår. Prisen per plass skal ikkje vere høgare enn 6 prosent av inntekta til husstanden. Dette kostar staten 58 millionar kroner i 2020. Heilårseffekt frå 2021 er snautt 140 millionar kroner.

* Støtte til kosmetisk tannregulering bør fjernast, meiner regjeringa. Omlegginga vil truleg føre til at talet på barn og unge som startar opp med tannregulering, blir reduserte frå 30.000 til 20.000 i året, ifølgje Helse- og omsorgsdepartementet.

Reise

* Botnfrådraget for pendlarar aukar frå 22.700 til 23.100 kroner, i tråd med anslått prisvekst.

* Flypassasjeravgifta blir auka frå 75 kroner til 76,5 kroner for reiser med sluttdestinasjon i Europa, medan satsen for reiser ut av Europa blir endra frå 200 til 204 kroner.

Les også om stortingsvara Solveig Skaugvoll Foss (22) sin reaksjon på forslaget til statsbudsjett: – Me er på veg mot ein varmare klode og eit kaldare samfunn

Stortingsvara Solveig Skaugvoll Foss (SV)
er fast representant på Stortinget medan Kari Elisabeth Kaski er i permisjon. Skjermdump: Stortinget