«Snøsøsteren» blir Hollywood-film

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 04.10.2019 13:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forfattar Maja Lunde seier til VG at nesten alle norske filmprodusentar viste interesse, men at dei vart utkonkurrerte av den amerikanske giganten.

– Dette kan bli veldig gøy. Eit så stort selskap som dei jobbar med store budsjett, og det gjer at eg føler meg trygg på at dette vil sjå bra ut. Eg trur vi kan klare å skape eit filmunivers som ein verkeleg vil vere i, seier Lunde.

Ifølgje NRK er budsjettet til Anonymous Content på linje med ein «Harry Potter»-film.

Har halde på løyndomen sidan april

Forfattaren seier at ho allereie er i gang med manusskrivinga. Ho har halde på løyndommen sidan april.

– Det er veldig få som har visst om det. Agentane mine, mannen min og nokre få andre er dei einaste, seier ho.

Ifølgje Lundes agent Even Råkil ser Anonymous Content for seg at filmen blir i ein klassisk «Christmas Carol»-sjanger, men seier det er for tidleg å seie kva det blir. Han seier til NRK at det ikkje blir ein teiknefilm.

Lunde har stått i ein sjeldan «litterær virvelvind» dei siste åra, og hennar «Bienes historie» vart årets mest selde bok i Tyskland i 2017.

«Snøsøsteren» vart i fjor selt til fleire titals land.