Elise Solvåg
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hallgeir Opdedal er ein utflytta odding som no bur i Oslo, og jobber som journalist. Er han fortsatt odding? Han har jo trass alt budd lenger i Oslo enn i Odda, men Odda er vel fortsatt «heime»? Slik starter prosjektet med å skulle krysse landet og skrive om turen.

Ideen er litt vag, for det handler ikkje bare om sjølve gåturen, men òg om den filosofiske ideen om ein heim. Så Opedal snører på seg skoa, og legg i veg. Han har ein viss idé om kor lang tid det vil ta og kva vegar han skal innom, men bortsett frå det har han ikkje mange mange konkrete planer. Derimot har han mange reglar, som å snakke med alle han møter. Og å ta omvegar når han kan, for om ein går lenge nok kjem ein fram dit ein skal.

Om ein går lenge nok kjem ein fram dit ein skal

Apropos omvegar, er eigentleg heile boka ein stor omveg; ei historie om ein gåtur, smekkfull av digresjonar rundt turen. Historia inneheld mange underlege karakterar (som mannen som konstant sender e-post for å pirke på grammatikk, semantikk og detaljar) og morsomme anekdoter, båe frå fortida til Opedal og ting som hender han undervegs. I tillegg til sjølve reisa og mykje historie frå områdene han vandrar gjennom, byr han mykje på seg og sitt. Sånn sett er boka ein liten godtepose til patriotar og elskarar av noregshistorie. (Underteikna lærte i alle fall mykje nytt.)

Til å skulle handle om å gå frå Oslo til Odda, er det ikkje akkurat overvekt av sjølve turen mellom dei ulike stadane. Det kunne gjerne vore ei dobbel eller tredobbel så tjukk bok for min del, om vi hadde fått med litt fleire skildringer av vandringa i det norske landskapet. Det er ein merkeleg kombinasjon av sjangrar; vi får litt reiseskildring, litt sjølvbiografi, litt historie, litt essay. I tillegg er teksten er litt oppstylta og stiv, samstundes som den er litt slapt redigert, og det kjennest ut som om ei runde til hos redaktøren kunne vore ein god idé. Så sjølv om boka er lesverdig, klarer ikkje Opedal heilt balansegangen som trengs her, og resultatet vert midt på treet.

Les fleire bokmeldingar her!