No kan du førehandsstemme til kommunevalet

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Under førehandsrøystinga kan ein stemme kvar som helst, ikkje berre i kommunen der ein er folkeregistrert. På valdagen 9. september må ein stemme i kommunen ein er manntalsført i, altså der ein var registrert som busett 30. juni i år.

Dei siste åra har det vore ein vekst i førehandstemming. Under kommune- og fylkestingsvalet i 2015 nytta 24 prosent, som svarer til 585.250 veljarar, seg av moglegheita til å stemme på førehand. I 2017 vart det for første gong registrert over éin million førehandsstemmer, då 36 av alle som stemte gjorde det på førehand.

Veljarar busett i kommunar eller fylke som er omfatta av kommune- og regionsreforma skal i år velje representantar til kommunestyre og fylkesting i den nye kommunen eller det nye fylket.

LES OGSÅ: Rekordmange unge stiller til val i lokalvalet

I 18 kommunar blir det gjorde òg forsøk med digitale valkort. Det gjeld for Bergen, Bodø, Fredrikstad, Færder, Gjøvik, Gloppen, Grimstad, Hamar, Hå, Lillesand, Skaun, Skien, Stjørdal, Tromsø, Ulstein, Vadsø, Vanylven og Vågan.

Det har allereie vore mogleg å tidlegstemme sidan 1. juli. Tidlegstemmegjevinga er til for dei som ikkje har moglegheit til verken å førehandsstemme eller møte opp på valdagen 9. september.

Nokre kommunar har likevel to valdagar. Då kan veljarane òg stemme søndag 8. september. (©NPK)

LES INTERVJU MED FLEIRE UNGE POLITIKARAR SOM STILLER TIL VAL!