For fyrste gong i FIFA-historia kan du styra ditt fotballag som kvinne i det populære tv-spelet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I den nyaste versjonen av tv-spelet FIFA, kan ein for første gong i historia få spela ein kvinneleg manager i karrieredelen av spelet.
Det var Electronic arts, som står bak spelet, som annonserte endringane i august.
Det nye alternativet i FIFA 20, kjem saman med mange nye moglegheiter for å setja sitt preg på avatarane: kroppstype, hudfarge, antrekk, hårfrisyre og kjønn.
På Twitter er nyhenda blitt motteke med både glede, irritasjon og undring.
Finally female managers on fifa 20….I no longer have to change my name to Charles for the game to make sense ???? #backwiththetimes
— Charlotte Ayers (@lotsalottie) August 7, 2019
A woman managing a mens football team? Whats next, being able to sign female footballers to mens teams? Seriously bro FIFA are insulting us. When does it stop? Who even asked for this?
— The South African ?? (@OwnGoalMerchant) August 7, 2019
You are missing the point. It doesn’t matter how many top managers are male or female. I play FIFA and I start a career mode every year. But I always have to play as a guy. So yes, it was absolutely long overdue that I can now manage with my own character and perhaps name. https://t.co/rI0bpDUMjO
— Jasmina Schweimler ?️? (@JasSchweimler) August 7, 2019
HOLD UP????? Female managers in FIFA 20? pic.twitter.com/2Zc6szTi85
— rikke (@Slightly2Wasted) August 7, 2019
Rapinoe på coveret
Det er ikkje fyrste gong ein kan spela ein kvinneleg karakter i FIFA. I 2015 vart det mogleg å velga mellom 12 utvalde kvinnelandslag i FIFA 16. Til samanlikning var det over 30 herreligaar, kvar med omlag 10 lag og rundt 50 internasjonale lag, med i FIFA 15.
Den amerikanske landslagsspelaren Alex Morgan den første kvinnelege spelaren på coveret då ho fronta FIFA 15. I år er det blitt laga ei underskriftskampanje for å få USA-spelar Megan Rapinoe på coveret til FIFA 20. Over 34.000 har signert i skrivande stund, men EA gjekk for Zinedine Zidane, Eden Hazard og Virgil van Dijk som cover-spelarar.