– Svaret ligg i den kjærleiken mange av oss har til kommunen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommunenerd på roadtrip

«Ein finn ikkje noko før ein kjem der det er», skreiv Ivar Aasen.

Med det i minnet bestemte journalist Jens Kihl seg for å besøke alle kommunane i Noreg medan dei nettopp er der dei er. For i januar 2020 vil dei 428 kommunane som var der da han starta rundreisa, vere reduserte til 356.

– Det gøyaste med å vere på tur er å sjå at alle som har ein ide om at Oslo er det som held liv i distrikta, slett ikkje stemmer. På små plassar kan det ligge verdsleiande bedrifter som tar verda framover, seier journalist og forfattar Jens Kihl, rik på nye erfaringar om Kommune-Noreg.

Dei siste åra har han nemleg brukt det meste av fritid og feriar på å køyre rundt til alle kommunane i Noreg. Prosjektet har blitt til boka «Dette er også Noreg – kommunal feelgood», ei kjærleikserklæring til kommunenoreg.

Den tidlegare nestleiaren i Noregs Mållag, Jens Kihl var svært nøgd da han kryssa Sognefjorden. Foto: Privat

Undervegs vart det skralt med økonomien. Nokre tilbod langs vegen gjorde difor meir inntrykk enn andre.

– Eg er veldig opptatt av at Circle K for all framtid må halde på «wiener for ein tiar». Det er til stor hjelp for kommunesafari på lågbudsjett, seier Kihl.

Kommuneentusiast

Sjølv kjem han frå tjukkaste oslogryta og hadde fram til han nyleg flytta til Bergen for å bli politisk kommentator i Bergens Tidende aldri vore utanfor hovudstaden meir enn 42 dagar i strekk. Likevel har han av uvisse grunnar vorte både ein ihuga kommune- og nynorskentusiast.

Bilsafarien var noko han bestemte seg for allereie hausten 2014. I tillegg til å bli betre kjent med kommunane i Noreg før samanslåinga er eit faktum, har vegfararen både rokke å pådra seg dårleg samvit for klimarekneskapen og bli immun mot bilkøyring. Han synest ikkje lenger at ein 13 timar lang biltur er særleg langt. Det kan kanskje seie noko om kor langstrakt landet faktisk er.

Da han i januar i 2017 køyrde inn i Tingvoll kommune på Nord-Møre, kunne Kihl feire at han hadde besøkt alle kommunane i Noreg.

– Eg hadde den merkelege følelsen av at dette er det ingen andre som veit. Men inni meg var det korps og fanfare og jubelrop.

Her har Kihl forflytta seg til Noregs geografiske midtpunkt. Det ligg i Ogndal i Steinkjer kommune. I januar blir Verran kommune del av Nye Stenkjer kommune. Foto: Privat

Det feira han med ein brus frå den lokale butikken. Og så tenkte han kanskje litt på at han eigentleg synest det er fint overalt her i Noreg.

– På andre plassar på våre breiddegrader er det ofte øyde og mennesketomt. Medan i Noreg har vi klart å ha folk og bedrifter og store byar og små grender over heile landet.

– Opptatte av kommunen sin

Kvifor sette han i veg? Han har ikkje heilt svaret sjølv, men å besøke alle kommunane i Noreg før dei blir slegne saman var noko som stod for han som veldig viktig da han forstod at kommunesamanslåinga var eit faktum.

Til hausten skal mange nordmenn legge ein setel i urna og stemme inn representantar i ein ny kommune som ikkje formelt finst før i januar 2020.

– Eg synest dette temaet er utruleg interessant og angår oss alle og kvardagslivet vårt. Og nordmenn er sjukt opptatte av kommunen sin. Ikkje kommunepolitikk i detalj. Men at skolen og eldreomsorga skal vere bra, og at vi skal kunne stole på lokalpolitikarane våre.

– Trass i all kritikken mot kommunane, så fungerer det på ein måte veldig godt, seier han.

Jens Kihl har her sett seg godt til rette på padda i Austefjorden. Padda er laga av Robert Steinnes, og prydar Paddeplassen i Austefjorden. Paddane i dette området er blant dei mest trua virveldyra i verda, og for å sikre at dei skal overleve, laga vegvesenet tunnelar og leidegjerde då Kvivsvegen vart bygd. I januar 2020 blir padda del av nye Volda kommune beståande av noverande Volda og Hornindal. Foto: Privat

Kjærleik til lokalsamfunnet

Og det handlar om kjærleik, meiner Kihl.

– Svaret ligg i den kjærleiken mange av oss har til kommunen og at mange av oss er villige til å gjere ein innsats. Til hausten stiller mange tusen nordmenn opp og står på lister. At nokon er villig til å stå på 11.-plassen til Gol Sp er ei kjærleikserklæring eg synest er veldig fin.

I boka fortel Kihl om små lokalsamfunn som har vist kva kraft som finst i samhald og evna til å mobilisere når til dømes flaumen råkar. Og han fortel om lokale krefter som står på for idrettslaget, eller som held på grendeskolen så lenge dei kan. Og han deltek på engasjerte kommunestyremøte frå sidelinja. Han trur det å skape ei følelse av fellesskap er utruleg viktig.

– Om ein ikkje lenger oppfattar at dette lokalsamfunnet er viktig for seg, kvifor skal ein da bli buande, stille til val eller vere med og utvikle lokalsamfunnet vidare. Så det å skape ei følelse av fellesskap er utruleg viktig. Og jo større og meir uhandterbar ei eining blir, jo meir krevjande er den jobben.

QUIZ: Veit du kvar desse kommuneslagorda høyrer heime?

Med sjølfiestong framfor Kil gard i Nærøy, der Kihl-slekta er frå. I januar blir Vikna og Nærøy i Ytre Namdalen til Nærøysund kommune. Kommunen får over 9 500 innbyggarar og blir den største havbrukskommunen i landet, ifølge Lovdata og Wikipedia. Foto: Privat

Fordelar og ulemper

Før han la ut på tur, var han rimeleg sikker på at det ikkje var noko som var bra med kommunereforma. Han var uroleg for at det er ei løysing som passar best for dei på toppen, og at lite blir gjort for å tilpasse seg dei små kommunane. Undervegs har synet vorte meir nyansert.

Nordkapp kommune (nordsamisk: Davvinjárgga gielda, kvensk: Kappan komuuni) ligg i Finnmark, med administrasjonssenter i Honningsvåg. Kommunen har 3.239 innbyggarar. Foto: Privat

– Klart at det gir nokre moglegheiter. På mange småplassar blir det fleire lister å velje i. Til dømes vil Jondal i Hardanger få fleire lister når dei slår seg saman med Ullensvang og Odda. Det handlar også om å få merksemd og vere attraktive, og å ha store nok kompetansemiljø.

– Men samtidig – om ein kjem frå Jondal og er politikar der, så blir plutseleg veldig mange av toppkandidatane i den nye kommunen frå Odda med industribybakgrunn. Det er noko heilt anna, så det er klart det kan vere ei utfordring.

– Mange lokale kandidatar i dei nye kommunane er ikkje kjende i heile området og har ikkje sett seg godt nok inn i alle problemstillingane, seier han.

For det er også ein verdi – å kunne kakke ein lokalpolitikar på skuldra om det er noko ein vil ha gjort. Det er ein verdi som blir borte i større valdistrikt, meiner Kihl.

LES OGSÅ: Her er dei 20 artigaste kommunevåpena i Finland

Illustrasjonsfoto: Heraldry of the World