Kva veit du om Boris Johnson?
Storbritannias statsminister har sagt og gjort mykje interessant i sin karriere. Test kva du kan om den omdiskuterte politikaren!


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kva kan du om Boris Johnson sin bakgrunn og kontroversielle uttalingar? Test deg sjølv i vår quiz!
Quiz: Kva veit du om Boris Johnson?
- Spørsmål 1 av 12
1.
Boris Johnson har ikkje hatt særleg tru på sine sjansar til å bli statsminister i Storbritannia. Kva har han samanlikna sjansane med?
Korrekt! I 2012 uttala dåverande ordførar i London, Boris Johnson: «My chances of being PM are about as good as the chances of finding Elvis on Mars, or my being reincarnated as an olive.» Johnson er oppteken av oliven og har òg uttala skepsis for at britiske skattebetalarar sikkert betalar for greske oliven, som «truleg ikkje eksisterer.»
Du bomma! I 2012 uttala dåverande ordførar i London, Boris Johnson: «My chances of being PM are about as good as the chances of finding Elvis on Mars, or my being reincarnated as an olive.» Johnson er oppteken av oliven og har òg uttala skepsis for at britiske skattebetalarar sikkert betalar for greske oliven, som «truleg ikkje eksisterer.»
- Spørsmål 2 av 12
2.
Kva er Boris Johnson sitt fulle namn?
Alexander Boris de Pfeffel Johnson er riktig! Ifølgje Wikipedia fekk Boris sitt austeuropeiske mellomnamn etter ein russisk emigrant foreldra hans Stanley Johnson og kunstnaren Charlotte Fawcett møtte. BBC sitt slektsforskingsprogram Who do you think you are? har klart å spora namnet de Pfeffel tilbake til den tyske regionen Bayern.
Neida. Han heiter Alexander Boris de Pfeffel Johnson. Ifølgje Wikipedia fekk Boris sitt austeuropeiske mellomnamn etter ein russisk emigrant foreldra hans Stanley Johnson og kunstnaren Charlotte Fawcett møtte. BBC sitt slektsforskingsprogram Who do you think you are? har klart å spora namnet de Pfeffel tilbake til den tyske regionen Bayern.
- Spørsmål 3 av 12
3.
Kva parti representerer Boris Johnson?
Bra! Du følgjer med, for Boris Johnson er no partileiar for dei konservative (tidlegare kalla Torypartiet) i Storbritannia.
Ups! Boris Johnson er no partileiar for dei konservative (tidlegare kalla Torypartiet) i Storbritannia.
- Spørsmål 4 av 12
4.
Boris Johnson har skildra seg som ein «one man-melting pot», men kva religiøs bakgrunn veit ein IKKJE om at Johnson sine forfedrar har?
Riktig. Det er ikkje heilt sikkert at han ikkje har buddhistiske anar, men det me veit er at Boris Johnson sin tippoldefar på morssida var amerikansk av russisk-jødisk avstamming og på farssida er eine oldefaren den tyrkiske ministeren Ali Kemal Bey.
Dette er kanskje feil. Det er ikkje heilt sikkert at han ikkje har buddhistiske anar, men det me veit er at Boris Johnson sin tippoldefar på morssida var amerikansk av russisk-jødisk avstamming og på farssida er eine oldefaren den tyrkiske ministeren Ali Kemal Bey.
- Spørsmål 5 av 12
5.
I 2018 kom Boris Johnson i såkalla «burka-bråk», men kva hadde han gjort?
Riktig! I 2018 skreiv Boris Johnson i The Daily Telegraph at han ikkje meinte det var naudsynt med noko burkaforbod, men hissa på seg fleire då han samanlikna kvinner i burka med postkasser.
Så dramatisk var det kanskje ikkje. I 2018 skreiv Boris Johnson i The Daily Telegraph at han ikkje meinte det var naudsynt med noko burkaforbod, men hissa på seg fleire då han samanlikna kvinner i burka med postkasser.
- Spørsmål 6 av 12
6.
Fullfør sitatet: «Å stemma Tory vil føra til at kona di får større pupper og auke sjansane dine…»
Riktig! Dette er eitt av sitata som plar å bli inkludert på listene over Boris Johnson sine mest sjokkerande sitat. I 2018 skapte bilete av den rotete innsida av Johnson sin Toyota Previa overskrifter i The Sun, så det reiser jo spørsmålet om kva parti Johnson sjølv stemte på.
Feil! I 2018 skapte bilete av den rotete innsida av Johnson sin Toyota Previa overskrifter i The Sun, så det reiser jo spørsmålet om kva parti Johnson sjølv stemte på.
- Spørsmål 7 av 12
7.
Kva yrkesbakgrunn har Boris Johnson?
Riktig! Boris Johnson har vore assisterande redaktør for The Daily Telegraph og redaktør for det konservative vekestidsskriftet The Spectator, i tillegg til at han har vore skribent i britiske aviser som Times, The Wolverhampton Express og Star. Han har òg vore gjesteprogramleiar for det britiske føredømet til «Nytt på nytt».
Feil der. Boris Johnson har vore assisterande redaktør for The Daily Telegraph og redaktør for det konservative vekestidsskriftet The Spectator, i tillegg til at han har vore skribent i britiske aviser som Times, The Wolverhampton Express og Star. Han har òg vore gjesteprogramleiar for det britiske føredømet til «Nytt på nytt».
- Spørsmål 8 av 12
8.
Kva samanlikning drog Boris Johnson då han skulle skildra tidlegare førstedame og presidentkandidat Hillary Clinton?
Riktig! «She’s got dyed blonde hair and pouty lips, and a steely blue stare, like a sadistic nurse in a mental hospital,» sa Johnson om Hillary Clinton i 2007. Skildringa «nasty woman» er det Donald Trump som står for, medan Johnson faktisk har samanlikna Putin med Noldus.
Feil! «She’s got dyed blonde hair and pouty lips, and a steely blue stare, like a sadistic nurse in a mental hospital,» sa Johnson om Hillary Clinton i 2007. Skildringa «nasty woman» er det Donald Trump som står for, medan Johnson faktisk har samanlikna Putin med Noldus.
- Spørsmål 9 av 12
9.
I 2016 vann Boris Johnson ein pris, kva for ein?
Riktig! Då den tyske komikaren Jan Böhmermann risikerte fengselsstraff og bøter i millionklassen om han gjentok eit satirisk dikt om den tyrkiske presidenten Tayyip Erdoğan lanserte The Spectator ein konkurranse med ein premiepott på 1000 pund.
Nei og nei! Då den tyske komikaren Jan Böhmermann risikerte fengselsstraff og bøter i millionklassen om han gjentok eit satirisk dikt om den tyrkiske presidenten Tayyip Erdoğan lanserte The Spectator ein konkurranse med ein premiepott på 1000 pund.
- Spørsmål 10 av 12
10.
Og når me først er inne på det. Kva var det som gjorde Johnson sitt Erdogan-dikt så fornærmande?
Det stemmer.
Vinnar-limericket gjekk slik:
«There was a young fellow from Ankara
Who was a terrific wankerer.
Till he sowed his wild oats
With the help of a goat
But he didn’t even stop to thankera.»Nope. Kanskje du ikkje leste godt nok?
Vinnar-limericket gjekk slik:
«There was a young fellow from Ankara
Who was a terrific wankerer.
Till he sowed his wild oats
With the help of a goat
But he didn’t even stop to thankera.»
- Spørsmål 11 av 12
11.
Kva stilling har Boris Johnson ikkje hatt?
Riktig! Johnson har ikkje fått ansvaret for Brexit, men har sitte på mykje makt i utanrikspolitikken. Johnson har òg vore medlem av europaparlamentet og tilsett ved Europakommisjonen og Verdsbanken.
Feil! Johnson har ikkje fått ansvaret for Brexit, men har sitte på mykje makt i utanrikspolitikken. Johnson har òg vore medlem av europaparlamentet og tilsett ved Europakommisjonen og Verdsbanken.
- Spørsmål 12 av 12
12.
Kor mykje ville Storbritannia spara på å melda seg ut av EU, ifølgje Boris Johnson?
Riktig svar! Men talet er feil. Under Brexit-kampanjen sa Boris Johnson at Storbritannia sendte 350 millionar pund til EU kvar veke. Den uriktige påstanden vart viktig i kampanjen som enda med at britane stemte for å melda seg ut av EU.
Feil svar! Men talet var uansett feil. Under Brexit-kampanjen sa Boris Johnson at Storbritannia sendte 350 millionar pund til EU kvar veke. Den uriktige påstanden vart viktig i kampanjen som enda med at britane stemte for å melda seg ut av EU.
Resultat:
Vurdering:
Storbritannias statsminister Boris Johnson har vore i hardt vêr etter avsløringane som vert omtala som «partygate». Statsministeren og andre medlemmar av det konservative partiet har fått mykje kritikk etter avsløringane om at dei samla seg til fest medan resten av landet var underlagt strenge koronarestriksjonar.
Måndag denne veka stemte 148 av Dei konservative sine 349 medlemmar i parlamentet for eit mistillitsforslag. Det betyr at den kontroversielle statsministeren fekk støtte av fleirtalet på 211, melder VG.
* Quizen vart først publisert i 2019, i samband med at Boris Johnson vart statsminister i Storbritannia.