Kva er din litterære guilty pleasure?

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Omslag: Gyldendahl

Krimsjangeren

Eg har alltid slukt krim rått og i store dosar. Det byrja med Nancy Drew og skuffelsen var stor då eg fann ut at Carolyn Keene berre var eit pseudonym brukt av ei rekkje ulike forfattarar.

Seinare har eg lest Henning Mankell og Agatha Christie til det taut ut øyra på meg. Og Jo Nesbø så klart. Men du dreg liksom ikkje fram krim når litteraturfolk spør deg kva du les.

Andrea Nøttveit 

 

Potensgiverne – Karin Brunk Holmqvist

Her må eg påpeike at eg ofte grabbar til meg bøker som ligg tilgjengeleg. Ei bok eg tok frå nattbordet til mamma var skriven av ei svensk dame som heiter Karin Brunk Holmqvist med den slåande tittelen Potensgiverne.

Ei lettlesen bok, som eg lo godt av. Det er kanskje ikkje ei bok ein mann i 30 årsalderen ropar høgast om, for det er ei typisk «kjerringbok» (om det er lov å seie). Men eg hadde sansen for dei to eldre damene som starta postordresal av potensmiddel. Av og til likar eg rett og slett bøker som eg blir ferdig med på ein dag.

Christian W. Gjerde

Løvegutten – Zizou Corder

Dette merkar eg er litt flautt å innrømme, men når eg skulle fortelje om Charlie som kan kattespråk til nokon her i redaksjonen fekk eg gåsehud. Tanken på ei bok eg las når eg var 9 år gammal gav meg gåsehud i dag! Trur det betyr eg burde lese den igjen (YEY!).

Men det er jo ikkje så rart at eg elska denne boka, når eg som liten faktisk trudde eg kunne snakke med dyr?

Emilie Hansen

Divergent – Veronica Roth

Er dette ein smule flautt å innrømme? Jepp. På byrjinga av studietida mi las eg mykje, men alt var pensum. Det var fagbøker om historie som var så detaljorienterte og tunge at dei einaste bøkene eg ville ta tak på kveldstid var dei korte og lettlesne.

Eg las den umåteleg populære sviska Twilight, men fann ut at det var litt for mykje glitrande brystkasser og ubehagelege relasjonar, og gjekk glatt vidare til Divergent-serien. Den var på ingen måte perfekt og kvaliteten søkk for kvar bok som kom, men eg fekk sansen for soga om eit underleg futuristisk samfunn delt inn etter verdiar likevel.

Bente Kjøllesdal