Framtida
Publisert
Oppdatert 17.10.2019 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mi briljante venninne er første boka i Napoli-kvartetten. Omslag: Samlaget

Napoli-kvartetten – Elena Ferrante

Alle burde lese Napoli-kvartetten av den mystiske italienske pseudonymforfattaren Elena Ferrante. Det er ei fantastisk oppvekstskildring, som eg aldri har lest maken til. Styrken i Mi briljante venninne og dei tre andre bøkene ligg hovudsakleg i skildringa av det komplekse kjenslelivet til Elena og hennar ambivalente forhold til Lila – den briljante venninna.

Ikkje minst er eg så evig takksam for Kristin Sørsdal som har gjort ein så briljant jobb med å omsette dei frå italiensk til nynorsk for Samlaget. Det er rett og slett meisterleg omsett.

Andrea Nøttveit 

Veien til Karlsvogna – Jon Magnus

Det er så mange bøker ein burde lese. Eg vel derfor å hente fram nokre gamle bøker, som i tillegg er fulle av melankoli.

Så om du vil grine bør du lese Veien til Karlsvogna av Jon Magnus som er noko av det tristaste eg har lese. Eg hugsar eg låg på ei strand på Mallorca og grein bak solbrillene. Det same gjorde eg då eg las Idas dans av Gunnhild Corwin, som mamma fekk til jul eit år. Eg las den i romjula og hulka. Eg måtte putte dyna inn i munnen for å døyve lyden.

Og så kom eg på ei vaksenbok eg las som barn som heiter En by som Alice av Nevil Shute. Aner ikkje om den framleis er bra, men eg hugsa at eg syntest den var vanvitig god som 10-12-åring. Det var ei av dei første vaksenbøkene eg las i tillegg til ei dokumentarisk bok om Titanic, som eg var fascinert av.

Av nyare bøker kunne eg sjølvsagt tatt med Leksikon om lys og mørke av Simon Stranger, men den veit alle er bra.

Christian W. Gjerde

Boka «A little life» er omsett til norsk og har då fått tittelen «Et lite liv».

Et lite liv – Hanya Yanagihara

Alle, alle, alle bør lese Et lite liv av Hanya Yanagihara. Boka følgjer ein vennekrins på fire, frå dei er unge gutar til dei vert vaskne menn. Den skildrar livet på det aller såraste, med glimt av det aller finaste. Eg las til langt på natt, til morgonkaffien dagen etter, og medan eg sola meg i Botanisk hage. Eg har kasta den frå meg i sinne, og krabba for å hente den att for å lese neste side.

(Den er ein aldri så liten murstein, så om du vil ha noko litt meir overkommeleg anbefalar eg også Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg av Kjersti Annesdatter Skomsvold. Den syntest eg var sær, men fin.)

Bente Kjøllesdal

Saman er ein mindre aleine – Anna Gavalda

Denne boka får deg til å føle alle kjenslene i registeret. Null tull! Eg gret, smilte, fekk summarfyglar i magen, men vart også så oppgitt over nokon av vala dei tok at eg måtte legge frå meg boka. Gavalda skriv vakkert og ekte på ein slik måte at du kan sette deg inn i ein persons liv, og faktisk forstå det, uavhengig av kor annleis det er frå dit eige. Har du endå ikkje lest dette kunstverket, veit du kva du må gjere.

Emilie Hansen