Kva bok betydde mykje for deg som tenåring?

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jørgen + Anne = sant – Vigdis Hjorth

Som dei fleste hadde eg min største bokslukarperiode før eg byrja på ungdomsskulen. Eg las alt, men ei bok var så bra at eg las ho fleire gongar. Jørgen + Anne = sant av Vigdis Hjorth er ei fantastisk bok, fordi ho tek Anne og kjenslene hennar på alvor.

Eg kjente meg att i nesten alt og hugsar eg såg for meg scena der ein mobb stod utfor glaset og ropte til ho. (Denne scena er gjengitt fritt etter fantasien og eg er ikkje ein gong sikker på om det skjedde i boka.)

Nyleg leste eg nokre sider i ho på nytt då ein sørafrikanar brukte ho til norskopplæring. Då slo det meg kor aktivt og effektivt språket er. Ikkje minst er filmatiseringa frå 2011 ei perle.

Andrea Rygg Nøttveit

Mayday – Nelson DeMille og Thomas Block

Som tenåring las eg mindre enn eg gjorde som barn og vaksen. Men ei bok som heiter Mayday av Nelson DeMille og Thomas Block las eg som tenåring, og var (er) noko av det mest spanande eg har lese i mitt liv. Ein thriller ombord på eit fly.

Eg hugsar at eg var irritert på meg sjølv som ikkje klarte å lese fortare eller hadde fotosyn, for eg måtte vite kva som skjedde.

Fy flate! Eg anbefaler den boka varmt!

Christian W. Gjerde

Barsakh – Simon Stranger

Ei bok som har hatt mykje å seie for meg, som eg las for fyrste gong tidleg i tenåra, er Barsakh av Simon Stranger. Før eg las boka var eg vel klar over at verda var urettferdig, men gjennom Samuel og Emilie kjende eg på denne uretten. Eg hugsar at eg gret, hadde vondt i magen og var oppgitt over korleis verda fungerte.

Seinare brukte eg boka, og dei to etterfølgjarane Verdensredderne og De som ikke finnes til særemne mitt. Simon Stranger skriv ekte, levande og engasjerande om vanskelege tema, tilpassa ungdom. Om du ikkje allereie har lese boka, veit du kva du må gjere.

Emilie Hansen

Boktyven – Markus Zusak

Det er vanskeleg å ikkje svare Harry Potter på eit slikt spørsmål, sidan eg sjølv vaks opp samstundes som karakterane i bøkene. Den siste av dei kom før eg var driven på netthandel, og sidan det var eit stykke til næraste bokbutikk laut eg rekruttere sambygdingar som skulle på biltur for å få fatt i boka.

Fleire eg kjende las den frå perm til perm i løpet av eitt døgn, men eg la inn eit lite avbrekk midtvegs, for eg var ikkje klar for at det heile skulle ta slutt.

Men sett vekk frå det universet, så var eg veldig glad i Boktyven av Markus Zusak. Det er historia til Liesel som veks opp under andre verdskrig, og som oppdagar bøker og nye vennskap.

Eg hugsar eg var begeistra for at det var «ei lita bok inni boka». Og når sant skal seiast, så var eg litt forelska i «the boy with the hair the colour of lemons».

Bente Kjøllesdal