Rommet mitt: Eit hav av rot

Framtida
Publisert
Oppdatert 15.07.2019 13:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Eg ligg på ei øy.

I eit hav av rot.

Stille og fredeleg, ligg eg og søv.

Mens plastpose-kvalar og belte-åler sym rundt, og slukar tusjkorkar og hårstikk.

Bøker flyt rundt, og kviskrar salte ord om ullsokk-torskar og stikkontakt-kreps.

Små, usynlege støvkorn flyg rundt, og legg seg i vassoverflata.

Varm bris frå ei vifte blæs utover sjøen, og gir vind i segl for ei einsam hybelkanin.

To langhala midgardsormar smyg seg rundt på havbotnen, i jakt på bytte, ofte i form av ein ulltråd.

 


 

 

Les intervjuet med den 14 år gamle vinnaren frå Bindalseidet skole heilt sør i Nordland her: – Det er ein liten skule med få elevar, så det var eigentleg ganske utenkeleg at nokon herifrå skulle vinna.