Karen M. McManus sin thriller To kan holde på en hemmelighet passar like godt for ungdom som for vaksne.

Elise Solvåg
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Karen M. McManus er tilbake med ein ny kriminalroman for ungdom, og denne er endå betre enn En av oss lyver.

Handlinga er mykje strammare lagt opp, og betre konstruert, og kan minne om dei skrekkromanane ein fekk i posten frå TL-klubben: Ein skummel fornøyelsespark der folk døyr, forsvunne jenter og myrda balldronningar. Det er eigentleg som ein skikkelig creepy tv-serie. (Kan vi få denne filmatisert, forresten?)

Les fleire bokmeldingar her!

Kva hende med balldronninga?

Då mora vert innlagt på rehab, må tvillingane Ellery og Ezra flytte frå California til bestemora på austkysten. Det er ikkje akkurat ein idyllisk småby ho bur i: Balldronninga på high schoolen vart myrda for nokre år sidan, og for endå lenger sidan forsvant tanta til tvillingane.

Det kunne ha blitt eit ganske kjedeleg skuleår for Ellery og Ezra, men så vert Ellery nominert til balldronning – og plutseleg er det drapstruslar mot den neste dronninga over heile byen.

Endå betre enn førre

Debutboka til McManus var knallgod, men slutten var altfor openberr og føreseieleg, men dette er noko McManus har fiksa opp i her. Plottet her er mykje meir komplisert, og slutten er skikkeleg bra knytt saman. Det kjem nye knutar på tråden gjennom heile boka, og nerven er konstant. Om eg har noko å klage på her, så er det at det er ganske mange karakterer å halde styr på (og dei har liknande namn) litt for tidleg i historia. Det går seg jo til, då.

Dette er absolutt ein thriller å anbefale, ungdom eller ikkje. På kvaliteten er det ikkje noko å utsette, og den står ikkje tilbake for krimromanar skrive for vaksne. Eg slukte den på få timar, for du blir kasta så vilt rundt og berre finne ut kva som skjer.

Synd denne ikkje kom ut til påske, men pakk den ned i kofferten til sommarferien!

Lurer du på kva bokdebutantane las i påska? Her får du svar! 

Øvst frå venstre: Oda Malmin, Åsmund H. Eikenes, Svanhild Amdal Telnes, Susanne Skogstad og (nedst frå venstre) Tharaninga Rajah, Mathias Nyhagen Asplund og Mads Rage. Foto: Samlaget, Gloria Forlag, Gyldendal, Aschehoug

«To kan holde på en hemmelighet» av Karen M. McManus

Forlag: Cappelen Damm

Gjeven ut: 2019

Sider: 341