Vekas musikktips: Ein klassikar frå Cezinando og nostalgi frå The Smiths

Jon Olav Sandal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vekas nykomar

Jouska – Titanics

Eg har følgt med på Jouska ei god stund no og eg likar dei betre og betre for kvart møte. Den siste singelen forsterkar dette ytterligare. Ei veldig dansbar låt.

Eg tenker på to ting når eg høyrer denne låta: Tysk elektropop og Beatles. Ein kombinasjon eg ikkje hadde sett for meg i min villaste fantasi. Men det fungerer veldig fint.

Beatles-referansen min er nok litt søkt, men det er noko i det harmoniske lydbiletet som ligg i mellotronen i verset, som gjer at tankane mine går dit. Eg snakkar då om det instrumentet som høyrest ut som strykarar. Eit instrument Beatles brukte veldig mykje.

Ein kan finne parallellar til Beatles i akkordbruk i verset også. Ein kan til dømes i låta Something kan ein finne liknande akkord. Riktig nok er det ikkje noko «klubbete» vibe på Beatles si låt.

Nok om Beatles.

Vil også anbefale å gå på konsert med Jouska. Dei har noko av det kulaste live-showet eg har sett at Norge har å by på. Dei er gode på å lage ei fin atmosfære, som legg grobotn for ei veldig god konsertoppleving.

Vekas gæmlis

The Smiths – There Is a Light That Never Goes Out

For nokre år sidan oppdaga eg ein relativt enkel og usminka låt som eg falt pladask for. Den passa perfekt som lydspor til mitt relativt mislukka kjærleiksliv. Eg oppdaga den via den indie-romantiske filmen (500) Days of Summer, som eg var veldig fan av for nokre år sidan. Er vel eigentleg fortsatt veldig fan.

Sjølv om den gir veldig sterke assosiasjonar til filmen, klarer den å vekke nokre andre følelsar òg. Den minner meg om tilbakelent og uanstrengt kjærleik som har oppstått litt spontant. Litt som ein typisk sommarflørt. Den typen forhold der ein finn på masse ting ein elles ikkje ville gjort i kvardagen og gjer det som fell seg inn.

Songen er som sagt ganske enkel og komposisjonen har ingen ville element. Det same gjeld for produksjonen, altså instrumentering og korleis dei har satt dei saman. Eit klassisk eksempel på eit indierock-band. Ordentleg feel-good kjærleikslåt, spør du meg.

Vekas spådom

Cezinando – Håper du har plass

Artisten som på ganske kort tid spelte seg inn i dei fleste hjarte i Norge, står nok også for ein av låtane som vil bli huska i tiåra framover.

Håper du har plass gjer meg rett og slett litt salig. Om det er dei anthem-aktige trommene, dei majestetiske strykarane, eller kanskje koret ein så vidt høyrer – det veit eg ikkje. Truleg er det ei blanding av alt.

Det som er sikkert er at tekstane og leveringa til Kristoffer Cezinando Karlsen sjølv, har mykje å seie. Ein ekte lyrikar. Det er litt rart korleis tilsynelatande heilt vanlege ord kan bli til poesi, berre ved å sette dei i ei spesiell rekkefølge og legge til nokre tonar. Det er ein kunst som han beherskar veldig, veldig godt.

Sist sommar var denne låta med på eit av dei finaste augeblinka eg hadde den sommaren. Eg var på Øya-festivalen og Cezinando hadde hovudspoten på festivalen. Eg stelde meg for meg sjølv, litt bak alt kaoset i front, og stengde ute verda for ei lita stund. Eg såg på ein artist som fekk spele den største festival-konserten ein kan spele i Noreg.

Øya-festivalen ligg i tillegg i same nabolag som han har vakse opp i. Det såg ut som han likte det. Det gjorde eg òg. Når nemnde låt kom på måtte eg felle ei lita tåre.

JON OLAV likar faktisk låta så godt at han har sunge ho på P3 live:

https://www.youtube.com/watch?v=QP5jQg1ExBE

Han er ikkje langt frå den einaste artisten som har lagt sin elsk på låta. Her kan du kosa deg med cover-versjonen frå Hilde Skaar frå Stord:

https://www.youtube.com/watch?v=EAc60Pu_nuE

…eller bergenske Gabrielle:

https://www.youtube.com/watch?v=awLHnee7Y3o

…eller JCY og rogalendingen Alida:

https://www.youtube.com/watch?v=LC_T6W3a748

…og sist, men ikkje minst: Cezinando sin eigen live-versjon: 

https://www.youtube.com/watch?v=Zw22q7Ryowk