Brit Bildøen får Nynorsk litteraturpris 2018

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Tre vegar til havet er mange ting, men først og fremst er det ein modig roman, skriv juryen i grunngjevinga.

Nynorsk litteraturpris vert delt ut årleg av Noregs Mållag, Samlaget og Det Norske Teatret. Prisen vert delt ut på skrivarstova til Noregs Mållag i dag.

I tillegg til heider og ære får Brit Bildøen ein prissum på 30 000 kroner.

Kroppen, staten og eksilet

Den veletablerte nynorskforfattaren får prisen for romanen Tre vegar til havet, som kom ut på Samlaget i fjor.

Juryen meiner romanen, der lesaren møter tre kvinneskikkelsar, er svært snedig konstruert.

«I den stadige vekslinga mellom dei ulike perspektiva – kalla KROPPEN, STATEN og EKSILET – syner forfattaren sitt romantekniske meisterskap,» skriv juryen i grunngjevinga.

Juryen meiner vidare at Bildøen syner litterært vågemot ved å ta opp tema som ikkje er så vanleg i dagens norske litteratur:

«Kva skjer når sjølvaste Staten, som skal vere garantisten for din tryggleik og velferd frå vogge til grav, brått reiser seg mot deg og vert din verste fiende? Kva skjer når du etter å ha kjempa lenge og med tiltakande desperasjon, omsider fell? Korleis reiser du deg igjen?»

Denne svært komplekse og genuint tragiske tematikken turnerer forfattaren med ein intelligens, ein empati, ei språkleg fingerspisskjensle og eit moralsk vidsyn som til saman gjer Tre vegar til havet til eit betydeleg kunstverk, heiter det i pressemeldinga.

Juryen består av litteraturkritikar i NRK Marta Norheim, dramaturg Carl Morten Amundsen og forfattar Nils Henrik Smith.

Godt nynorsk litteraturår

Sjølv om prisen gjekk til ein veteran meiner juryen at 2018 var eit svært sterkt år for nynorsk skjønlitteratur med særleg mange debutantar som markerte seg i både dikt- og romansjangeren.

Framtida.no har spurt debutantane kva roman som forma dei til den dei er i dag:

Øvst frå venstre: Oda Malmin, Åsmund H. Eikenes, Svanhild Amdal Telnes, Susanne Skogstad og (nedst frå venstre) Tharaninga Rajah, Mathias Nyhagen Asplund og Mads Rage. Foto: Samlaget, Gloria Forlag, Gyldendal, Aschehoug

 

Brit Bildøen (1962)

  • Norsk forfattar frå Ålesund
  • Debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn
  • Har skrive romanar, barnebøker og essay, og arbeidd som omsetjar.
  • Vann P2-lytternes romanpris for Sju dagar i august (2014)