Her er dei mest populære utdanningane
Rettsvitskap ved Universitetet i Bergen tronar på toppen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Juss er framleis landets mest populære studieprogram, men no har Bergen tatt over trona frå Oslo med landets mest populære studium frå hausten av.
I alt 1855 førstevalssøkarar ønsker å studera juss i Bergen. Dette er ein oppgang på 101 frå 2018. Universitetet i Oslo er søkartalet på rettsvitskap i haust 1534, ein nedgang på 327 frå året før. Dermed hamnar studiet i Oslo på ein tredjeplass i Noreg etter fleire år på toppen.
På andreplass over dei mest populære utdanningane i Noreg, finn ein siviløkonomutdanninga ved Norges Handelshøyskole i Bergen.
Suksess med studiemodell
Mastergrad i rettsvitskap er det studiet som har flest søkarar ved Universitetet i Bergen.
– Ved UiB er me svært glade for at så mange søkarar har oss som førsteval. Det viser at me er attraktive, og me skal gjera vårt beste for at studentane vil trivast hos oss, både fagleg og sosialt, seier Oddrun Samdal, viserektor for utdanning ved UiB i ei pressemelding.
Ifølge Samdal har undervisningsmodellen på juss vore ein suksess. Her får studentane tett oppfølging fagleg og sosialt i små arbeidsgrupper, problembasert læring med mykje skrivetrening og gode utvekslingshøve.
LES OGSÅ: UiB-professor: – Juridiske tekstar er betre på nynorsk
Her er lista over dei 25 utdanningane som har flest førstevalssøkarar:
Institusjon | Studium | Førstevals-søkarar |
Universitetet i Bergen | Rettsvitskap | 1855 |
Norges Handelshøyskole | Siviløkonomutdanning | 1716 |
Universitetet i Oslo | Rettsvitskap (jus), høst | 1534 |
Politihøgskolen | Politiutdanning, Oslo | 1215 |
OsloMet | Sjukepleie | 1111 |
NTNU | Sjukepleie, Trondheim | 984 |
Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo | Arkitekt | 984 |
Universitetet i Oslo | Medisin, haust | 972 |
Universitetet i Oslo | Psykologi , haust | 944 |
NTNU | Industriell økonomi og teknologiledelse | 913 |
OsloMet | Økonomi og administrasjon | 877 |
Universitetet i Oslo | Kriminologi | 843 |
UiT | Leiing | 833 |
Universitetet i Oslo | Rettsvitskap (jus), vår | 823 |
OsloMet | Fysioterapi | 819 |
NTNU | Medisin | 819 |
Universitetet i Bergen | Psykologi, profesjonsstudium | 808 |
Universitetet i Stavanger | Paramedisin | 784 |
NTNU | Økonomi og administrasjon, Trondheim, bachelor | 779 |
NTNU | Psykologi, profesjonsstudium | 777 |
Universitetet i Bergen | Medisin | 770 |
Universitetet i Stavanger | Sjukepleie | 744 |
Høgskulen på Vestlandet | Sjukepleie, Bergen, haust | 740 |
OsloMet | Sosialt arbeid | 739 |
Lovisenberg diakonale høgskole | Sjukepleie | 689 |