Rettsvitskap ved Universitetet i Bergen tronar på toppen.
mm

Juss er framleis landets mest populære studieprogram, men no har Bergen tatt over trona frå Oslo med landets mest populære studium frå hausten av.

I alt 1855 førstevalssøkarar ønsker å studera juss i Bergen. Dette er ein oppgang på 101 frå 2018. Universitetet i Oslo er søkartalet på rettsvitskap i haust 1534, ein nedgang på 327 frå året før. Dermed hamnar studiet i Oslo på ein tredjeplass i Noreg etter fleire år på toppen.

På andreplass over dei mest populære utdanningane i Noreg, finn ein siviløkonomutdanninga ved Norges Handelshøyskole i Bergen.

Suksess med studiemodell

Mastergrad i rettsvitskap er det studiet som har flest søkarar ved Universitetet i Bergen.

Oddrun Samdal er
viserektor for utdanning ved Universitetet i Bergen. Foto: UiB

– Ved UiB er me svært glade for at så mange søkarar har oss som førsteval. Det viser at me er attraktive, og me skal gjera vårt beste for at studentane vil trivast hos oss, både fagleg og sosialt, seier Oddrun Samdal, viserektor for utdanning ved UiB i ei pressemelding.

Ifølge Samdal har undervisningsmodellen på juss vore ein suksess. Her får studentane tett oppfølging fagleg og sosialt i små arbeidsgrupper, problembasert læring med mykje skrivetrening og gode utvekslingshøve.

LES OGSÅ: UiB-professor: – Juridiske tekstar er betre på nynorsk

Her er lista over dei 25 utdanningane som har flest førstevalssøkarar:

Institusjon Studium Førstevals-søkarar
Universitetet i Bergen Rettsvitskap 1855
Norges Handelshøyskole Siviløkonomutdanning 1716
Universitetet i Oslo Rettsvitskap (jus), høst 1534
Politihøgskolen Politiutdanning, Oslo 1215
OsloMet Sjukepleie 1111
NTNU Sjukepleie, Trondheim 984
Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo Arkitekt 984
Universitetet i Oslo Medisin, haust 972
Universitetet i Oslo Psykologi , haust 944
NTNU Industriell økonomi og teknologiledelse 913
OsloMet Økonomi og administrasjon 877
Universitetet i Oslo Kriminologi 843
UiT Leiing 833
Universitetet i Oslo Rettsvitskap (jus), vår 823
OsloMet Fysioterapi 819
NTNU Medisin 819
Universitetet i Bergen Psykologi, profesjonsstudium 808
Universitetet i Stavanger Paramedisin 784
NTNU Økonomi og administrasjon, Trondheim, bachelor 779
NTNU Psykologi, profesjonsstudium 777
Universitetet i Bergen Medisin 770
Universitetet i Stavanger Sjukepleie 744
Høgskulen på Vestlandet Sjukepleie, Bergen, haust 740
OsloMet Sosialt arbeid 739
Lovisenberg diakonale høgskole Sjukepleie 689
Oppdatert: torsdag 25. april 2019 12.53

Kommentarar

ANNONSE