Ellen Mari Thelle fekk Ungdommens kritikarpris

Historia om to pensjonistar som forelskar seg gjorde inntrykk på elevane som har kåra «Bernard banker på» til ungdommens favoritt.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– No er eg veldig, veldig glad! Ungdommens kritikarpris er ein utrulig kul pris å få, sa forfattar Ellen Mari Thelle ifølgje ei pressemelding då ho tok imot prisen førre veke.

Prisutdelinga var i regi av Foreningen !les og gjekk føre seg på Sentralen i Oslo.

Knuste fordommar om eldre

Dei åtte nominerte bøkene er valt ut av ein fagjury frå  Norsk kritikerlag blant alle skjønnlitterære bøker utgitt i 2018.

Dei siste fire månadane har  190 elevar frå sju juryklasser i vidaregående skule lest og diskutert dei nominerte bøkene.

Vinnarboka Bernard banker på er utgitt på Flamme Forlag og handlar om to pensjonistar som vert forelska, noko juryen skriv at knuste nokre fordommar mot kva dei har tenkt om eldre menneskjer.

«Me opplever at det handler om våre eigne liv, og får difor medkjensle for karakterane. Me blir glade i dei og bryr oss om dei,» skriv juryen i grunngjevinga.

Les også: Maria Parr og foreningen !Les nominert til verdas største barne- og litteraturpris

Thelle: – Stas

Foto: Flamme Forlag

Boka vekte mange sterke kjensler hjå elevane og sat igjen òg etter at siste side var lesen.

«Årets vinnar skiller seg ut med en dyp og trist problemstilling, men me sat likevel att med ei positiv kjensle og eit djupt inntrykk av boka til slutt. […] Det er ei bok med eit bodskap og ei oppmoding til å gripe moglegheitene livet gir, og ta sjansane medan ein kan. Sjølv om ein trur ein har god tid, veit ein aldri når det kan vere for seint.»

Juryen meiner boka er veldig truverdig og skildrar ein livssituasjon som unge ikkje tenkjer så mykje på, men som alle kjem til.

– Det er stas å først bli nominert av ein fagjury og deretter lest av så mange  reflekterte ungdommar, sa Thelle ifølgje ei pressemelding frå Foreningen !les.

Dei nominerte var:

  • Marit Eikemo – Gratis og uforpliktande verdivurdering. Samlaget
  • Trude Marstein – Så mye hadde jeg. Gyldendal
  • Sonja Nyegaard – Mørket er et mirakel. Kolon
  • Per Petterson – Menn i min situasjon. Oktober
  • Kjersti Skomsvold – Barnet. Oktober
  • Ellen Mari Thelle – Bernard banker på. Flamme
  • Gunnhild Øyehaug – Presens maskin. Kolon
  • Stig Aasvik – Ordføreren i Oslo. Cappelen Damm

Ungdommens kritikarpris

  • Ungdommens kritikarpris er eit samarbeid mellom Foreningen !les, Utdanningsforbundet, Norsk Kritikerlag og Den norske Forleggerforeningen.
  • Ungdommens kritikarpris er ein pris for norsk skjønnlitterær samtidslitteratur, delt ut av elevar i vidaregåande skule.