Lanserer nytt skilt for droneforbod
Kartverket lanserer nye symbol som speglar eit variert og moderne friluftsliv.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Blant dei nye symbola som blei presentert på Stikonferansen i Bergen i Hordaland i dag, var droneforbod, elvepadling og isklatring.
– Friluftslivet er i endring, og fleire bruker naturen på nye måtar. Derfor lanserer me no 75 heilt nye symbol for tur- og friluftsliv og idrett, seier sjef Anne Cathrine Frøstrup i Kartverket i ei pressemelding.

Generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang i DNT. Foto: Bjørn Ivar Voll / NPK
Symbola frå Kartverket er eit ledd i arbeidet med å gjera turstiane betre og meir tilgjengelege i heile landet.
DNT positive til nytt design
Dei nye symbola vil visa fleire vegen inn i friluftslivet, meiner Den Norske Turistforening (DNT).
– Arbeidet med å utbetra stiane og gi skiltsymbola nytt design er ei viktig brikke i dette. Dei gjer det synleg at friluftslivet er for alle, og at friluftslivet i 2019 er mangfaldig, seier generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang i DNT.
Stien er ei av hovudsatsingane i den nye handlingsplanen for friluftsliv frå regjeringa. DNT, Friluftsrådenes Landsforbund og Innovasjon Noreg følgjer opp med ei fersk utgåve av Merkehåndboka.
Les også om fotgjengarfeltet i tettstaden Ísafjörður, heilt nordvest på Island, som har gått viralt:

Dette fotgjengarfeltet i Ísafjörður vest på Island får merksemd verda rundt. Foto: Gusti Photographia/Vegamálun GÍH