Lerumsyltetøy skal tilbake til Rema 1000

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me har jobba hardt for å komme inn igjen, og er glade for at Rema 1000 gir oss sjansen, seier Trine Lerum Hjellhaug, administrerande direktør i Lerum, til Sogn Avis.

For to år sidan satsa Rema 1000 på færre produkt, som del av strategien dei kalla bestevenn. Då rauk i tillegg til Lerum-syltetøy også merkenamn som Hansa og Mack.

Bestevenn er ikkje eit udelt positivt ord, ifølgje miljøterapeut Martine Boge. Då Framtida Junior tok føre seg omgrepet«bestevenn», åtvara ho mot ordbruken:

– Mange elevar opplever å bli holdt utanfor. Eg prøver å ikkje bruke ordet bestevenn. Det er veldig lurt å ha fleire gode venner, sa Boge til barneavisa som er tilknytt Framtida.no.

Les også innlegget: Matsvinn og zero waste

Tapte, men ikkje stort

Lerum har vekt åtgaum i målrørsla for si konsekvente nynorske marknadsføring. I 2006 fekk dei tidenes første nynorsk næringslivspris frå Noregs Mållag.

Før Lerum-syltetøyet blei tatt vekk frå Rema 1000, hadde Lerum ein marknadsdel på syltetøy på 29 prosent. I fjor var delen på 24.

– Me tapte ikkje så mykje som me trudde. Det betyr at me har gjort det rimeleg bra der me var med, seier Hjellhaug.

Saft frå Lerum har heile tida vore til sals hos Rema 1000. I tillegg har filialane i Sogn og Fjordane og i Bergen selt syltetøyet deira.

Les meir om nynorsk i næringslivet i denne reportasjen «Kva skal bedrifta heita?»

– Eg tenkte over om det var litt rart med nynorsk i Oslo, men så er jo dette ein litt annleis salong òg, seier frisørgründer Trude Lundvall (33) frå Kviteseid i Telemark.