Med litteratur som livsmeistring

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er mange overgangar i livet som ikkje er like behagelege. Eg skriv mellom anna om dei to største overgangane, livet og døden, seier Inger Bråtveit.

I sin siste roman, Dette er også vatn, byr ho på seg sjølv for å hjelpa andre.

Livets vatn

Vatn og det å symja har ei sentral rolle i boka både i konkret og overført tyding. Det å symja har mange likskapar med det å skriva og med det å leva, meiner forfattaren.

– Det handlar ofte om å ta dei første taka og tenkja at du skal greia det og gjennomføra det. Nokre gonger er det kanskje for kaldt. Andre gonger kan du greia å finna ein pust og ein flyt. Uansett om du står på land – eller i eit anna land – trur eg det handlar om å halda seg flytande, og at det finst eit grunnvatn i oss alle.

I boka fortel ho at det å symja på same måten som det å skriva hjelper henne til å tenkja nye tankar og få ny innsikt.

– Havet er ein stad der ein kan sleppa bort frå seg og sitt, og samtidig kan halda seg i kanten. Ein kan kopla seg på livet på ein annan måte, samtidig som ein er ute i eit anna farvatn. Det har hjelpt meg til å klara livet så langt.

Les også om Victoria (23) som mista kjærasten: – Ikkje ver redd for å snakke om døden

Omslag: Forlaget Oktober

Krevjande bok

Inger Bråtveit (40) er oppvaksen i Suldal og debuterte med romanen Munn mot ein frosen fjord i 2002. Seinare har ho gjeve ut fleire prislønte og kritikarroste romanar.

Den siste romanen har vore eit omfattande arbeid som har strekt seg gjennom så og seia nesten heile forfattarskapen.

– Far min døydde i 2003, og nokre av avsnitta i boka er skrive fram frå denne perioden, seier ho.

I boka fortel ho korleis kreftsjukdommen tærer bort liv og krefter og gjer faren tynn og kraftlaus, og om korleis det er å stå i denne situasjonen.

Inger Bråtveit var berre 24 år, odelsjente og eldst av fem søsken då faren gjekk bort, knapt femti år gammal. Skrivinga var i denne perioden til stor hjelp, men at ho har tronge tid på å finna ut korleis ho skulle bruka stoffet litterært.

I romanen spør ho seg sjølv om det i det heile er mogleg å skriva om slike ting offentleg utan at grunnfjellet i ein rasar.

Les også: Sigrid (19) etterlyser fleire sterke kvinner i litteraturen

Vil peika utover

Bråtveit trur ikkje på det å vera fortruleg offentleg. Sjølv om ho i romanen byr på seg sjølv og sitt eige, er det inga kronologisk forteljing frå A til Å. Komposisjonen i romanen flyt som vatnet og minnet fram og attende i tid. Det ho fortel om sjukdommen til faren er berre noko vi får del i gjennom brotstykke. På same måten får lesaren gjennom små bolkar innblikk i oppveksten hennar, korleis det er å bli mor, det å vera stemor, å ha ein ektefelle som er sjuk og kampen for å skriva.

Dei kvardagslege hendingane blandar seg saman med refleksjonar over store internasjonale hendingar, og referansar til bøker, forfattar og dokumentarfilmar. Det er ikkje tilfeldig. Ho håpar at det kan bidra til at teksten peikar ut over henne sjølv og treffa noko allment.

– Når eg skriv «eg» håpar eg å nå eit «du». Ikkje fordi historia mi er den viktige, men fordi eg ønskjer å tangera noko som andre har opplevd eller erfart, og som kanskje kan vera allmenngyldig.

Ønsket til Inger Bråtveit om at romanen hennar skal vera interessant for andre, har gått meir i oppfylling enn ho hadde drøymt om. På nyåret blei det kjent at eit forlag i Kairo vil omsetja boka til arabisk.

Les også: Ferrante-omsettar Kristin Sørsdal er årets «Storegut»

Litteratur som døropnar

– Det eg vil med denne boka er å visa at det ikkje treng vera noko hierarkisk skilje i litteraturen eller mellom dei ulike litterære sjangrane i romanen. Eg ynskjer å syna fram korleis det vesle kan spegla det store og storpolitiske, og omvendt. Det er rett og slett litteratur og livssyn eg har prøvd å formidla, slår Inger Bråtveit fast.

For henne er det grunnleggjande viktig at litteraturen ikkje skal vera noko eksklusivt, men noko folk flest kan bruka i kvardagen. At litteratur kan vera ei hjelp til å forstå seg sjølv, få eit nytt blikk eller til å kjenna seg mindre åleine. Gjennom arbeidet sitt som skrivelærar har ho også sett kor mykje det å skriva kan ha å seia for folk i alle aldrar.

– Det å sjå kva skriving kan bety for ein 18-åring, som kanskje ikkje skal bli forfattar – eller å sjå kva det betyr for eit menneske å finna eit språk for det ein kanskje ikkje har snakka om før eller gitt eit språk – har eg sett kan vera ganske livsavgjerande. Det er ei gåve. Eg synest difor det er fint å arbeida med skriving på ulike nivå. Litteratur er ikkje berre for den øvre middelklassen eller noko ein berre tek fram i festtalar. Det handlar rett å slett om å vera eller ikkje vera, og at når du er som mest einsam i livet, så har kanskje nokon andre vore der før også?