Ho vert ny leiar i Aasen-tunet

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Som sambygding er eg stolt av Ivar Aasen-tunet. Eg vil med stor entusiasme trekkje på mine erfaringar og ønskjer å vere ein god rådgivar lokalt, nasjonalt og internasjonalt, slik at vi saman set eit breiare avtrykk med innsatsen vår, seier Tone Slenes i ei pressemelding.

Slanes har informasjonsutdanning frå Høgskulen i Volda og årseiningar i engelsk og psykologi, og kjem no frå utanrikstenesta. I si tid der har ho mellom anna vore ein tydeleg nynorskbrukar i arbeidet med å formidle norsk kultur i India, styrkje menneskerettane og forvalte norsk bistand til Afghanistan og Vietnam.

– Med Tone Slenes på laget styrkjer vi det kulturfaglege arbeidet vårt. Vi får ein avdelingsleiar som kan byggje på det som er, og samstundes skape nye relasjonar lokalt, nasjonalt og internasjonalt, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.

Les også om korleis Sandsmark skal styrke Nynorsk kultursentrum som direktør: – Vi må bli meir synlege i heile landet