43 tidlegare listetoppar: Grande er lite eigna som Venstre-leiar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Av 290 listetoppar ved lokalvalet i 2015 har 183 svart på SMS-undersøkinga – noko som svarer til 63 prosent, melder kanalen.

101 av dei spurde listetoppane svarer at Grande er «svært godt eigna» eller «godt eigna» som partileiar. 37 personar oppgir at dei stiller seg nøytrale til spørsmålet. 43 personar svarer at ho er «lite eigna» eller «svært lite eigna».

Kor mykje kan du om Noregs eldste parti? Prøv deg på Venstre-quiz!

Skei Grande er nøgd

Ein av dei er Per Øyvind Grimsby, som var listetopp i Sirdal for fire år sidan og skal vere det også ved valet i år.

– Eg meiner at Grande bør gå. Eg synest ikkje ho har levert godt nok og eg trur ikkje ho er rett person til å ta partiet opp igjen, seier Grimsby.

Trine Skei Grande kallar sjølv tala oppløftande.

– Etter den stormen som har vore i det siste, så vart eg litt glad då eg såg dei. Det same følte eg på landsstyret i helga, at eg fekk veldig stor støtte i partiet for jobben som blir gjort, seier ho til NRK.