Fleire høgdepunkt på Trondheim Calling

Jon Olav Sandal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I år, som i fjor, var eg på musikkbransjefestivalen Trondheim Calling. Ein festival meint for å vise fram ny norsk musikk og legge til rette for møte mellom artist og musikkbransje. Festivalen er delt opp i ein konferansedel, som er på dagtid, og ein konsertdel, som er på kveldstid. Om du har høyrt om by:Larm så er dette nøyaktig det same opplegget, berre lokalisert i Trondheim og ikkje i Oslo.

Store delar av norsk musikkbransje og artistar samla seg her i skiftet mellom januar/februar og delte idear, diskuterte problem, bygde nettverk og festa litt. Dei fleste deltakarane budde også på same hotell. Det minner litt om ei slags leirhelg med alle som jobbar med musikk i Norge.

Psykisk helse

Konferanseprogrammet inneheldt tema som er aktuelle for bransjen og i år tok den blant anna opp psykisk helse blant artistar. Eit tema det visst nok skal rettast fokus mot framover. Det kom fram at artistar er blant dei som har mest psykiske plager av alle yrkesgrupper, og det blei reflektert rundt korleis ein skal forhindre og ta vare på artistane, samt alle rundt dei. Eit veldig spennande tema som det er verdt å følge med på i året som kjem.

Artistar er blant dei som har mest psykiske plager av alle yrkesgrupper

I ein annan konferansepost fortalde Silje Halstensen, dama bak artistnamnet Bendik, om hennar karriere i tal. Ho delte ærleg om avtalar ho har gjort og korleis den økonomiske situasjonen hennar er og har vore. Økonomi er eit gjennomgåande tema på dei fleste liknande bransjefestivalar eg har vore på. Det er tydeleg at det ikkje er heilt lett å skulle leve av og vere artist.

Andre typar konferansepostar handla om rettar, låtskriving, framtidas festivalar og kva artistar bør og ikkje bør gjere i starte på ei karriere. Med andre ord var det eit veldig breitt spekter som blei tatt opp under årets Trondheim Calling.

107 konsertar

Men trass alt det faglige er det viktigaste som skjer på ein slik festival, musikkprogrammet. Og i år synst eg festivalen gjorde ein utmerka jobb på booking-fronten og med planlegginga av programmet. Med 107 konsertar fordelt på 73 artistar blir det ganske hektisk og det er vanskelig å få med seg alt. Då blir det viktig at dei som sett opp programmet har gjort det slik at det er noko for ein kvar smak til ei kvar tid. Eg synst dei fekk til dette. Eg fekk med meg dei fleste av artistane som eg vil sjå og eg sit igjen med mange høgdepunkt.

Makan til behageleg stemme har eg ikkje høyrt på lenge

Eg vil trekke fram Konradsen som eit av høgdepunkta. Ein gjeng som lagar veldig interessant musikk som eg ikkje heilt klarer å sette i bås. Og det er ikkje til å stikke under ein stol at frontfigur og vokalisten kanskje har ei av dei mest unike stemmene som var på heile festivalen. Makan til behageleg stemme har eg ikkje høyrt på lenge. Gler meg til å følge med på denne gruppa og det dei forhåpentlegvis gir ut snart.

Mall Girl

Det blir aldri keisamt på konsert med Mall Girl. Foto: Emilie Eriksen, Trondheim Calling

Aldri keisamt

Mall Girl er ei gruppe eg kjenner godt til frå før, men det blir aldri keisamt å fare på konsert med dei. Dei sto også for eit av høgdepunkta på årets festival. Ein gjeng som kan handverket sitt og som lagar ny og spennande popmusikk. Noko vi absolutt burde ha meir av i norsk musikk.

Eg må også bøye meg i støvet for Kristopher Schau

Til slutt vil eg trekke fram The Dogs som kanskje var det som var det absolutte høgdepunktet for meg. Etter ein festival der mange artistar og band er litt prega av at mykje av den norske musikkbransjen er der, er det veldig godt å sjå nokon som tilsynelatande har ingenting dei føler dei må bevise. Det einaste dei er der for å gjer er å underhalde oss med sin hardtslåande musikk. Eg må også bøye meg i støvet for Kristopher Schau. At det går an å stå på ei scene med så mykje autoritet og karisma er ganske vilt. Terningkast veldig, veldig bra.

Vi sjåast neste år, Trondheim Calling!