Nettportalen «Nora» skal hjelpe ungdom mot negativ sosial kontroll

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner lanserte onsdag den nye nettportalen, som er eitt av fleire verktøy i kampen mot negativ sosial kontroll.

– Alle barn og unge har rett til å leve frie og sjølvstendige liv. Med portalen skal fleire lære om negativ sosial kontroll, få vite meir om rettar ein har og kven ein kan kontakte for å få hjelp, seier Sanner.

Negativ sosial kontroll er definert som ulike formar for kontroll, press, truslar og tvang som blir utøvd for å sikre at enkeltpersonar lever i tråd med normene til familien eller gruppa.

På «Nora» kan ungdom sjå historier om korleis det er å leve med negativ sosial kontroll, få informasjon om kva for rettar dei har og kven ein bør snakke med viss ein treng hjelp.

På nettportalen ligg også ei rekkje korte videoar som skal vere dømer på sosial kontroll: 

Les også: Vil ha forbod mot jomfruhinnesjekk

Frå Nora til Noora

Namnet på nettportalen er inspirert av Ibsens Nora frå dramastykket «Et dukkehjem», som bryt ut av ekteskapet – ei skandaløs handling då stykket hadde premiere i 1879, og dessutan karakteren Noora frå NRKs populære nettserie «Skam», som har vorte samanlikna med Ibsens Nora. Namnet betyr dessutan lys på arabisk.

Nettportalen er ein del av handlingsplanen til regjeringa mot negativ sosial kontroll, som totalt inneheld 28 tiltak.

Les også reportasjen om korleis Mona Ibrahim Ahmed og Hilde Sandvik vil ha gutane med i kampen mot sosial kontroll.

– Det er ikkje så mange arenaar for gutar. Dei går gjennom same sosiale kontroll og same presset, seier Mona Ibrahim Ahmed, som saman med Hilde Sandvik har starta organisasjonen «Support not protect».