– Fyrverkeri og alkohol kan bli ein dyr cocktail

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka vart først publisert på Vikebladet.no.

Det melder Tryg Forsikring i ei pressemelding. Kvart år blir personar, bilar og bygningar skadd av fyrverkeri. Om du sjølv er skuld i fyrverkeri-brann kan forsikringsutbetalinga bli redusert med fleire hundre tusen kroner, kanskje endå meir om du er rusa når du gjer det.

– Det er grada av uaktsemd som som avgjer om du mistar delar av forskiringa. Ein bustad er dyr å byggje opp igjen, og det skal ikkje store reduksjonen til i erstatninga før det blir mykje pengar ut av det. Det kan bli ein dyr start på det nye året, seier Torbjørn Brandeggen, kommunikasjonsrådgjevar i Tryg Forsikring i pressemeldinga.

På nyttårsaftan i fjor og 1. januar vart det registrert 184 branntilløp på bygningar. Erstatninga kom på over 58 millionar kroner.

LES OGSÅ: Stadig fleire ønsker forbod mot privat fyrverkeri på nyttårsaftan

Det vart registrert 43 personskadar, ni av dei var augeskadar. Færre og færre blir skadde av fyrverkeri, noko som blir forklart med forbodet mot pinnerakettar, og at fleire har på seg vernebrillar.

Brandeggen trur me ville sett langt færre fyrverkeriskadar om folk som skaut opp fyrverkeri var edrue. Særleg bør du vere edru om du skal fyre opp eit monsterbatteri, meiner han.

Kva meiner du om fyrverkeri?

Kva meiner du om fyrverkeri?

Ja til totalforbod!50
Privat bør bli ulovleg35
Greitt slik det er i dag24
Ja til fyrverkeri heile året273
Svar totalt: 382