Julekalender 23. desember

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På sjølvaste veslejulaftan er det ein mann med skjegg som dukkar opp i kalenderen vår. Han er ikkje nissen, men Øystein Runde – teikneskapar og forfattar – med blant anna Soga om Olav Sleggja, Futen, Stamceller og no seinast Berserk på samvitet.

– På julaftan et eg pinnekjøt som han pappa lagar, og så et eg vegansk nøttesteik som niesa mi lagar. Den viktigaste juletradisjonen for meg, er å møta heile familien min, søstrene mine og barna til storesøstera mi. Det er veldig stas.

– Den beste gåva eg har fått er då onkelbarna blei så vaksne at dei gav meg gåvekort til regnskogen og slike ting, etter litt tydelege ønskje frå meg.

Det er òg det beste julegåvetipset mitt.

– Ønsket mitt for 2019 er at folk er snille med kvarandre, og at me får ein ny president i USA, seier Runde, som er nest siste nisse ut i vår julekalender.

God lillejulaftan!

Har du ikkje lese intervjuet me hadde med Øystein Runde for nokre veker sidan? Då kan du kosa deg med det no. I intervjuet snakkar han om den siste boka om Olav Sleggja, og du får læra ganske mykje interessant om vikingtida.