Julekalender 22. desember

Framtida
Publisert
Oppdatert 23.12.2018 10:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Gå meir i teater, og gi vekk ei oppleving i staden for ting.

Det er julegåvetipset frå dagens «nisse», Preben Hodneland.

Skodespelaren meiner at å komme seg ut og sjå på kunst, om det er å gå på kino, på danseforestilling eller teater, kan vere ein god måte å få ut frustrasjonen sin på.

– Det er så mykje netthets, så mykje agg. Gå ut, opplev kunst, sjå noko som gir tid til ettertanke. Og tenk deg om ein gong til, før du slepper frustrasjonen din ut på andre menneske, seier Hodneland til Framtida.no.

Noko av det viktigaste for Hodneland i jula, er å få med seg ein god julekonsert for å komme i skikkeleg julestemning, og å vere like mykje saman med både morssida og farssida av familien i jula.

Hodneland spelar no i Macbeth og Book of Mormon ved Det Norske Teatret, og har snart premiere på oppsetjinga Oslo.

God 22. desember!