Julekalender 21. desember

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For dagens nisse kan grauten på julaftan potensielt resultere i ein milliongevinst.

Den som finn mandelen i grauten på julaftan, får nemleg eit Flaxlodd i premie. Men fram til no har ikkje mandelen blitt til millionar.

Da ho var 8-9 år, fekk skodespelar Kjersti Dalseide ei gigantisk leikeskilpadde til jul. Den var så fantastisk at ho kosa med den i mange år etterpå. Men ikkje no lenger, presiserer ho.

Favorittordet, kjærleik, synest ho vi kan ta med oss inn i jula, og eit av hennar største ønske for neste år, er godt skiføre.

– Iallfall på vinteren, ikkje i heile 2019 da.

Ho ber òg om at politikarane våre rett og slett tvingar oss alle til å vere betre når det kjem til å ta vare på naturen vår.

Dalseide kan du snart sjå i oppsetjinga «Oslo» på Det Norske Teatret.

God 21. desember!