Julekalender 19. desember


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dagens julenisse har varma mangt eit julehjarta sidan 1999, då han spelte postmannen Kåre i adventsklassikaren Jul i Blåfjell.
Som skodespelar på Det Norske Teatret er Kvarme stødig i nynorsk og slit med å velja favorittord, men landar enkelt og greitt på «kva».
Men kva er så Geir Kvarme sitt beste julegåvetips?
– Eg synest ein burde gje opplevingar. Teater. Kino. Bøker er fint. Musikk, eller om ein har god råd – ta med nokon på ei reise, seier Kvarme, som òg er bystyrerepresentant i Kultur- og utdanningskomiteen for Oslo Høgre.
God opplevingsjul!